
Vang kommune vedtek ein ny næringsstrategi til sommaren. Utkastet har mykje godt ved seg – men det har nokre feil og manglar som bør rettast opp før det vert vedteke.
Vi oppmodar deg til å lese det fullstendige innspelet før du eventuelt skriv under. Det ligg her:
https://drive.google.com/file/d/1rMszdP6HtXq7OpTgbOZfndG9mqRXg6fU/view?usp=sharing
Kort om kva innspelet handlar om:
Kulturnæring: Mellom 7 og 11 prosent av verksemdene i Vang er knytte til kulturfeltet. Det er knapt nemnt i strategien. Vi ber om at kommunen anerkjenner kulturnæringa som ein sentral del av næringslivet og støttar ho på lik linje med andre næringar.
Natur: Naturen er kommunens fremste fortrinn. Strategien bør framheve dette, og samstundes gi næringslivet tydelege og føreseielege rammer innanfor gjeldande regelverk – slik at konfliktar mellom forvaltning og næringsutvikling kan unngåast.
Gründermiljø: Vang har eit etablert gründermiljø og fleksible kontorløysingar. Det er eit undervurdert konkurransefortrinn som kommunen bør synleggjere og bruke aktivt i rekruttering og tilflyttingsarbeid.
Omstilling: Kommunestyret har vedteke at det skal byggjast eit kunnskapsgrunnlag for omstillinga næringslivet og landbruket i Vang skal gjennom. Strategien bør bruke dette aktivt og kople næringslivet til konkrete program – mellom anna BIO-midlar frå Innlandet fylkeskommune og Karriere Innlandet Valdres.
Konsesjonskraft: Til orientering: ei lovendring i 2025 inneber at kommunar ikkje lenger kan tilby billeg konsesjonskraft til datasenter. Strategien bør ikkje skape forventningar om dette.
Næringsfondet: Formuleringa «risikoavlasting» i utkastet skapar rettsleg risiko. Vi ber om at dette vert endra og undersøkt nærmare før vedtak – og at næringsfondet vert halde som eit verkemiddel for breidd og lokal verdiskaping, ikkje for å bere risiko på vegner av kommersielle aktørar som kan finansiere seg sjølv.