Bevar Pasientbiblioteket

Bevar Pasientbiblioteket


Til: Haukeland Universitetssjukehus

Det er vedteke at Pasientbiblioteket på Haukeland Universitetssjukehus skal leggast ned med avvikling innan 1. juli i år, for å spare pengar. Dei faglege og økonomiske begrunningane er uklare.

Biblioteket er eit viktig lavterskeltilbod for pasientar og pårørande på sjukehuset, med tanke på tilfrisking og trivnad. Tilbodet gjev kulturell beredskap, og er i tråd med Totalberedskapsmeldinga til Regjeringa frå 2025. Sjukehuset står dessutan framfor store utbyggingar som vil auke trafikken i fellesareala. Difor er gode vente- og opphaldssoner viktigare enn nokon gong.

Pasientar, pårørande og tilsette sine reaksjonar på nedlegginga, klipt ut frå Innsiden og Facebook:

Pasient: «Då eg var innlagt til operasjon vitja eg bilioteket fast. Det gjev aning om eit anna liv å vera der og lesa i bøker og kjenna at livet er meir enn sjukdom. Berre det å koma inn i fellesmottaket er annleis når eine bakveggen er eit bibliotek. Framfor der sit menneske i fleire timar og ventar på heimreis, på å vitja sine nære eller pasientar som treng ein kvil i ein god stol for litt «luft». Eg såg mange som henta seg bøker og aviser i bibliotekhyllene og sette seg godt til rette»

Pårørande: «Då eg ruslar opp att til avdelinga der guten min er innlagt kjenner eg at besøket på Pasientbiblioteket har gjort meg godt. Eg har fått ei "kulturell vitamininnsprøyting" og kjenner meg sterkare som pårørande. Denne transformasjonen trur eg ikkje hadde vore mogleg i nøytrale sjukehusomgjevnader. I dette kultureldoradoet, i hjarta av Sentralblokka, er det altså mogleg å få denne frisona som er så godt for helsa. Eg vonar guten min vert klar for Pasientbiblioteket før det skal leggast ned. Kanskje kan det bidra i tilfriskinga hans?»

Tilsett: «Eg er svært overraska over at dette tilbodet skal leggast ned. Moglegheita for gratis og lett tilgjengeleg litteratur gjev akkurat det pusterommet og verkelegheitsflukta ein kan trenge - om ein er innlagt eller pårørande. Liggetida er kort for dei fleste, men mange er gjengangarar med mange innleggingar. Å lese i ei handfast bok kan skape ro og konsentrasjon. Å satse på lågterskeltilbod er ein verdi som nødvendigvis ikkje skal målast i penger. Bibliotektilbodet når ut til alle og bør satsast på»

Som pårørande på har eg kontakta Brukarutvalet, styret og leiinga på sjukehuset. Svaret deira er at vedtaket er fatta og at det ikkje er grunnlag for å revidere. Eg vonar difor at du vil signere på kampanjen, slik at det er von om at pasienter og pårørande i framtida også kan nytte seg av dette viktige tilbodet som utgjer ein stor forskjell.


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

1 uke siden

Kontaktinformasjon til leiinga/styret:
Send e-post til leiinga innan styremøte 7. mai og be dei revidere vedtaket: postmottak@helse-bergen.no, med kopi til: marit.lieng@helse-bergen.no,
oysteinlydvo@gmail.com, randi.bjorgen.johannessen@helse-bergen.no, eivind.hansen@helse-bergen.no, rune.haugsdal@vlfk.no, post@mariannemarthinsen.no og clara.beate.gram.gjesdal@helse-bergen.no.

1 uke siden

KVA KAN DU GJERA?
- Send e-post til leiinga innan styremøte 7. mai og be dei revidere vedtaket.
- Bruk nettverket ditt for å engasjere politikarar på øverste nivå.
- Ring Kommunikasjonsavdelinga på 55976000 og still krtitiske spøsmål kring nedlegginga, jmf informasjonen deira på www.helse-bergen.no.
- Legg ut selfievideo i SoMe der du protesterer og oppmodar til revidering av vedtak.
- Skriv debeattinnlegg.
- Kom og støtt oss på ope styremøte på Haukeland 7. mai kl 10:00 - 15:00.

2 uker siden

Neste styremøte i Helse Bergen er 7.mai. Send e-post til leiinga innan 27.april og be dei revidere vedtaket: postmottak@helse-bergen.no,
med kopi til:

oysteinlydvo@gmail.com

randi.bjorgen.johannessen@helse-bergen.no

eivind.hansen@helse-bergen.no

rune.haugsdal@vlfk.no

post@mariannemarthinsen.no

Aksjonsformer: Pressesaker, debattinnlegg i aviser, informere i SoMe, e-post til føretaksleiinga, engasjere politikarar, engasjere relevante organisasjoner, fredelege demonstrasjonar.

Me gjer oss ikkje!

Ca. 1 mnd. siden

Møte med kommunikasjonsdirektør Vigander og leiar for divisjon psykisk helsevern Randi-Luise Møgster i går, BA- og NRK-sak. Men leiinga står på sitt og seier at vedtaket ikkje kan reviderast. Det er naturlegvis tøv! Det handler om vilje og prioritering. Me gjer oss ikkje før avviklinga er irreversibel. Del kampanjen og finn gjerne på anna som støy, som til dømes pressesak! Tysdag vert sannsynlegvis siste opningsdag. Finne på eit stunt i Pasientbiblioteket då?

Ca. 1 mnd. siden

Kommunikasjonsavdelinga bestemte på møte i dag at Pasientbiblioteket skal avviklast innan onsdag neste veke og byrja sraks å rydde ut bøker. Dette kom overraskande på oss, då 1.juli var datoen. Me nærmar oss 1400 underskrifter og kan ikkje gje oss enno. Kontakt meg om de har forslag til andre tiltak, for det ser diverre dårleg ut... Inn til vidare er det berre å dele oppropet! Takk skal de ha!
Få varsel på e-post når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

2324 underskrifter hittil!

Opprettet av
Øystein Lydvo
26.03.2026
Kategori
Andre
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad