
Behald påbygg VG3 ved Herøy vidaregåande skule!
Vi, elevar og ungdom i Herøy, er bekymra for at tilbodet på påbygg VG3 er lagt ned. Mange må då flytte på hybel eller pendle lange vegar, noko som er tungt og krevjande for 17–18-åringar.
Vi meiner det er viktig at ungdom i nærmiljøet vårt har reelle moglegheiter til vidaregåande opplæring, utan store belastningar. Vi ber derfor fylkeskommunen om å starte opp påbygg VG3 ved Herøy vgs att, eller i det minste gje elevar moglegheit til å søkje tilbodet.
Signér dersom du støttar at påbygg VG3 ved Herøy vidaregåande skule må finnast i nærmiljøet vårt!