Bevar Mork - leve føden!


Til: Styret i Helse Møre og Romsdal

Adm. dir. i Helse Møre og Romsdal foreslår å legge ned rehabiliteringstilbodet på Mork. Han foreslår også å sommarstenge fødeavdelinga ved Volda sjukehus. Forslaga skal handsamast i styret til Helse Møre og Romsdal onsdag 1. februar.

Vi oppmodar styret på det sterkaste til å seie nei til desse forslaga!
--
Ei sommarstenging av fødeavdelinga ved Volda sjukehus har vore prøvd før. Det gav ingen gevinst, snarare tvert om! Det er utarbeidd evalueringsrapport frå sist. Det bør vere nok å minne om den!

La fødeavdelinga vere heilårsopen, og ikkje utsett dei fødande for unødige reiser og usikkerheit!
--
I dag består Mork Rehabiliteringssenter av 18 plassar. Fys.med. i Ålesund har 16 (14 rehab.+2 revm.)-plassar. Til saman 34 plassar for rehab på Sunnmøre i dag. Ikkje akkurat nokon enorme mengder i det store og heile, i eit så viktig tilbod. Og no skal dette reduserast?

10 av plassane frå Mork er foreslått flytta til Ålesund, der fys.med. i dag held hus, utan utviding av arealet. 4 av plassane er foreslått erstatta med plassar på pasienthotell. Og 4 av plassane skal kuttast! Gevinst? Avhending av bygningsmassa på Mork. Men kva blir tapet? Etter vårt syn er det altfor lite fokus på!

Fleire av plassane blir gjort om til dobbeltrom ved ei flytting. Opphald i fleire månadar på eit dobbeltrom, aldri moglegheit for å trekke seg tilbake for kvile heilt for seg sjølv?

Vert arbeidsplassane flytte, vil truleg dei fleste tilsette sjå seg om etter andre jobbar, og dei vil nok klare seg. Men vil tilbodet klare seg utan den unike fagkompetansen dei har opparbeidd seg gjennom mange år? Det vil iallfall ta år å bygge opp igjen!

Ei nedlegging av Mork, og flytting av plassar til Ålesund, vil gi eit endra tilbod til pasientane! I eit samfunnsøkonomisk perspektiv, vil det berre vere tap!

Det må vere andre måtar å løyse utfordringa med behov for vedlikehald på eit bygg på, enn å hasteflytte eit så viktig tilbod!

Utsett saka, bruk tida dei neste åra til å utgreie moglegheiter og konsekvensar og ver løysingsorientert! Tilbodet til Mork Rehabilitering må bestå i Volda!

Oppretta av
Aksjonsgruppa for Mork Rehabiliteringssenter og Volda sjukehus, fødeavdelinga
---
Fakkeltog - Mork og føden må bestå - torsdag 26. januar kl. 18.30, oppmøte Furene

Støttekonsert for Mork og fødeavdelinga - laurdag 28. januar kl. 16.00, Tredet i Volda


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

5331 underskrifter hittil!

Opprettet av
Annika Brandal
15.01.2023
Kategori
Andre
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad