Stopp nedbygginga av helse- og ambulansetenestene i Møre og Romsdal

Stopp nedbygginga av helse- og ambulansetenestene i Møre og Romsdal


Til: Helseminister Jan Christian Vestre Adresse: Helse- og omsorgsdepartementet Postboks 8011 Dep 0030 Oslo E-post: postmottak@hod.dep.no

Stopp nedbygginga av helse- og ambulansetenestene i Møre og Romsdal

Vi som skriv under på dette oppropet krev at politikarar og helseleiarar stansar vidare nedbemanning og svekking av helse- og ambulansetenestene i Møre og Romsdal.

Ei trygg helseteneste er ikkje ein kostnad.
Ho er ein føresetnad for liv, helse og tryggleik.

Gjennom fleire tiår har innbyggjarane i fylket opplevd uro kring sjukehusstruktur, ambulanseberedskap og tilgang på kompetent helsepersonell.

No blir det igjen varsla innsparingar og omstillingar som kan føre til redusert kapasitet og svekt beredskap.

Vi fryktar konsekvensane:

Lengre ventetid når sekund tel.

Færre helsepersonell der pasientane treng dei.

Større utfordringar med å rekruttere og behalde legar, jordmødre, psykologer, sjukepleiarar og ambulansepersonell.


Ei utvikling der økonomiske mål får større vekt enn pasienttryggleik.

Møre og Romsdal treng stabile fagmiljø, forutsigbare arbeidsplassar og tenester folk kan stole på når livet står på spel.

Vi krev at:
Ingen vidare nedbygging av ambulansetenestene heller utbygging. Vi bur frå hav til fjell.

Pasienttryggleik og beredskap blir lagde til grunn for alle framtidige avgjerder.

Helsepersonell og lokalsamfunn blir høyrde før endringar blir vedtekne.

Rekruttering og kompetansebygging blir prioritert framfor kortsiktige innsparingar.

Vi krev auka satsing på rekruttering av turnuslegar (LIS1)

Bak kvart budsjett ligg menneske.

Bak kvar stilling som blir fjerna, ligg oppgåver som framleis må utførast.

Og bak kvar avgjerd ligg liv som kan bli påverka.

Difor seier vi:

Stopp nedbygginga.
Ta vare på helsetenestene våre.


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

40 underskrifter hittil!

Opprettet av
Perly Grande Eikås
I går
Område
Møre og Romsdal

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad