Skredsikring av FV. 5600 Vik-Arnafjorden
Fylkesveg 5600 Vik – Arnafjorden er, om ikkje den verste, så i alle fall heilt i tetsjiktet når det gjeld skredfare i Vestland fylke. Her er samanhengande skredfare på eit parti på 6 km med høg skredfaktor. Skreda går som jord, stein og snø, og det rasar året rundt, både i fint og dårleg ver. På denne vegen går det skulebuss, anleggstrafikk, næringstrafikk og turisttrafikk i tillegg til den trafikken som er normalt for å komma seg til og frå ei grend.
Me forventar no at fylkespolitikarane prioriterar denne strekninga slik at vegen vert rassikra så fort som mogeleg.
Vi har inga tid å miste og vi har heller ingen liv å mista.