Familien Gahvejian på Voss, Sako og Maria og 2 born risikerer å bli utvist av landet.
Familien kom til Norge i november 2013, då var borna 1 og 2 år gamle. Ungane har levd heile sitt liv på Voss og kjenner ikkje til anna kultur enn den norske. Då familien ankom Norge frå Syria hadde foreldra 2 statsborgarsskap, Sako og Maria hadde valget mellom å flykte i gummibåt over Middelhavet eller å ta med seg borna på ein trygg møte. Som alle gode foreldre ville ha valgt, valgte dei den trygge måten å reisa på. I dag er ungane aktive i lagsliv og fritidsaktivitetar på Voss. Alle venane deira bur her i kommunen og alt dei har som føles trygt finn dei i lokalmiljøet
Både Sako og Maria er i fast jobb og arbeider innan samfunnskritiske oppgåver i Voss herad. Maria som barne- og ungdomsarbeider på ein barneskule, og Sako som miljøarbeidar i Integreringstenesta.