Nok hytter på Rauland no!

Nok hytter på Rauland no!


Til: Vinje kommune v/ kommunestyret

Oppretta på bakgrunn av lesarinnlegg av Irja Godal i VTB 02.03.21 kring hytteutviklinga på Rauland.
Utbygginga seiste åra har skjedd i rekordfart og satsinga har vore vitlaus og einspora.
Me meiner det er på tide å bremse opp, vurdere status i dag, både på hytteutbygging, infrastruktur, handelsstand. næringspåvikring og øvrige konsekvensar som me får av den sporadiske invasjonen av bygdi.
Deretter få på plass ei konsekvensutgreiing før ein legg vidare langsiktige planar.
Skribent av lesarinnlegg har motteke stor støtte for å seta ord på dette, og me er overbeviste om at det er mange som delar dette synet.
Kampanja er oppretta for å lettare nå ut til dei som ynskjer å stille seg bak desse tankane, og me håpar antalet underskrifter vil hjelpe lokale politikerar til å ta dei rette valga i tida som kjem.

Lesarinnlegg 02.03.21:

Til politikarane i Vinje!

Det er nok hytter på Rauland no!

Rauland er ei vakker fjellbygd med rike tradisjonar. Me er glade i bygda vår, og ynskjer at ho skal vera god å bu i også for framtidige generasjonar. 11.mars skal politikarane i Vinje ha ein temadag om kva dei vil med næringsutviklinga framover. Me håpar dei kjem fram til næringsutvikling som ikkje inneber ein ny runde med storstilt hyttebygging.

På få tiår har store område i bygda vår blitt nedbygde av hyttefelt, og viss utbyggjarane får det som dei vil skal det byggjast ytterlegare 2200 hytter! Dette får mange irreversible konsekvensar både i lokalt og globalt perspektiv. I følgje rapporten til FNs naturpanel, står verda framfor to enorme miljøutfordringar; klimaendringar og tap av naturmangfald. Nærsagt kvar ein køyrer bil i randsonene til høgfjell her i landet, ser ein det veks fram hyttefelt med tilhøyrande vegar og anna infrastruktur. Med lokalt sjølvstyre er det ingen som tek tak i dette nasjonale problemet. Det har kome reglar som forbyr dyrking av myrområde på grunn av CO2-utsleppa, så korleis kan ein då byggje hytter i myrområde?

Å byggje konsentrert minkar arealtapet, men folk er sjølvsagt ikkje plikta til å opphalde seg på si eiga tomt. Fyrst utforskar hyttefolket nærområdet, men etter kvart vil mange trekkje lengre inn i naturen. Alle som har vore rundt Uvatn på ski, veit kva utrykket «sild i tønne» tyder. Målingar gjort inni Eggeskard og andre stader, syner mange turgåarar langt utanom allfarveg. Det påverkar dyrelivet i heiane våre. Silkedalen har vore ein lett tilgjengeleg stad der ein fekk kjensla av å vera langt innpå fjellet. Den opplevinga er no øydelagt av ein tarm med hytter frå Vierli, og ein koloss av ei hytte i toppen av Holtardalen som synst mest kvar du er i Silkedalen. Var det nødvendig? Opplevinga av landskapet endrar seg også dersom tettleiken av folk blir høg nok, og i mange område er den det no. Dette medfører i verste fall at bygdefolk vel å ikkje bruke desse områda lengre; område som kanskje høyrer til slekta, eller nabogarden eller i alle fall barndomsminna for fleire generasjonar bakover. Over eit visst nivå er truleg dette kjensleg for ein del hyttefolk også, som kan ha vore gjester her i fleire tiår.


Sauekjøt er noko av det mest økologiske ein kan eta, og her i kommunen er me på utsida av det nasjonale rovdyrområdet. Hyttevelforeininga har bede om både parkeringsplassar og merking av turstigar der det er sauebeite. Viss me skal sleppe til endå ein runde med hyttebygging, kvar skal dei som då legg pengane sine i ei hytte få opphalde seg? Må dei sauebøndene som framleis held på leggje ned?

Rauland og bygdene ikring har rike kulturtradisjonar. For oss som bur her gjev det ei identitet, ei rot. For tilreisande er det eit kvalitetsmerke. For turistnæringa verkar det som det i beste fall er ei slags kulisse. Denne kvaliteten bør liggje til grunn for merkevarebygging framover, meir enn kvantitet og glorete marknadsføring. Raulandsmålet er me både stolte av og glade i. Medan ein endå kunne skrive «gjeng» på nynorsk, laga Rauland Turist slagordet «Det går an på Rauland». Eit slagord for ei bygd burde gjenspegle staden. Dette verkar totalt framandgjort! Rauland Turist ignorerer totalt alle oppmodingar frå kommunen og mållaget om å skrive nynorsk.

Me ynskjer at Rauland skal vera ei levande bygd der folk arbeider, bur og engasjerer seg i lag og foreiningar. Det treng ikkje å bli resultatet om det er mange hytter i eit område. I Hovden i Setesdal er det omlag 2000 hytter, 930 innbyggjarar i heile kommunen og 51 elevar på Fjellgardane skule. Korleis er stoda her i kommunen? Kor stor del av dei tilsette i turist- og byggjenæringa er det som bur her fast og skattar til Vinje? Kan me få tal ifrå kommunen som dokumenterer skatteinntektene frå turistnæringa? Og utgifter til opparbeiding av infrastruktur? Nokre verksemder er flinke til å tilsetje fastbuande, medan andre nyttar seg av korttidstilsette. Då får me ikkje eit levande bygdesamfunn.


Me synest det har vore positivt med ei viss utbygging av hytter, men meiner me har passert taket for kva som tener Rauland. Det er nok utbygging for denne generasjonen. I staden bør bygda utviklast med arbeidsplassar til gagn for folk som vil bu her fast, og til glede for dei som alt har fått seg hytte her.

Irja Godal m/fleir

Signeres av: Innbyggerar, hyttegjester og andre med interesser på Rauland


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

04.03.2021

Oppfordrar alle til å vidarebringe budskapet og oppfordre andre til å signere!
For kvar underskrift får kampanja større tyngde når den skal leggas fram for kommunestyret.
Politikerane i alle utvalg sit som folkevalgte, med tillitsverv for å legge til rette på best mogleg måte, både for innbyggerar, hytteeigerar og tilreisande.



Få varsel på e-post når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

618 underskrifter hittil!

Opprettet av
Tony Mitchell
03.03.2021
Område
Telemark

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad