NEI til hardbrukshus i Nyveg!

NEI til hardbrukshus i Nyveg!


Til: Seljord kommune

Alle innbyggarane våre har krav på ein stad å bu, og nokon treng meir hjelp til dette enn andre. Derfor ynskjer kommunen å bygge hardbruksbustadar. Spørsmålet er om bustaden Seljord kommune nå har kjøpt i Nyveg nr 31. er den best eigna staden? Me meiner svaret på dette spørsmålet opplagt er «NEI!» Naboar reagerer på at det ikkje blei sendt ut eit nabovarsel på førehand. Ingen av oss berørte føler at me har fått moglegheit til å uttale oss i saka. Det er fleire grunnar til at me meiner dette er ein dårleg idé:

- Bustaden som er kjøpt, og som moglegvis skal brukast til dette føremålet, er i umiddelbar nærleik til ein veg som er hyppig i bruk av både skuleelevar, ryttarar, rulleskiløparar, joggarar, syklistar med fleire. Huset og tomta ligg heilt med vegen, ikkje skjerma på nokon måte for korkje forbigåande eller bebuarar. Det vil også bli fleire som kjem til å bruke denne vegen dagleg ettersom det er planlagt eit stort bustadfelt ved Sinnesodden, med ein tur- og gangveg ut til det nye byggefeltet. Det vil sei at det forhåpentlegvis vil koma mange nye småbarnsfamiliar der ute, med barn som skal bruke dette som skuleveg.

- Granvin kulturhus, fra gamalt av kalla ungdomshuset, er næraste nabo. Her skjer mykje av aktiviteten til barn og unge i Seljord. Med både kino, kulturskule, idrettshall, ungdomsklubb, Sterke Nils senteret mm. Her er det alltid mange folk, både barn og vaksne. Det verkar lite gjennomtenkt å vurdere å legge hardbruksbustadar i umiddelbar nærleik til dette.

- Huset i Nyveg ligg midt i Seljord sitt festivalområde. Turvegen til og frå Dyrskuplassen går rett forbi. Me kan ikkje skjønne noko anna enn at det må vera veldig ueigna å ha eit hardbrukshus midt i eit festivalområde?

- Det vil kunne opplevast utrygt for barn og vaksne å gå forbi huset. I verste fall vil barna som bur i området vera redde for å leike i gata, og skulebarn sluttar å gå til skulen. Korleis tenkjer kommunen å handtere ei slik problemstilling dersom denne oppstår?

- Dei som skal få ein slik bustad har rett på ein ny start til eit betre liv. Ved å legge bustaden midt i sentrum vil det alltid sirkulere mange rykte, både sanne og usanne, rundt bustaden og bebuarane. Dette vil ikkje vera med på og gjera starten lettare for dei, men heller vanskeleggjere vegen tilbake til eit normalt liv. Som dykk ser allereie no, før nokon har flytt inn, har rykta og motførestellingane byrja og gjere seg gjeldande.

Me har full forståing for at kommunane har behov for slike bustadar, og at det er vanskeleg å finne ein god lokalisasjon som gjer alle nøgde. Likevel meiner me at tomta/huset i Nyveg er spesielt lite eigna til dette føremålet. Kvifor ikkje heller bruke dette huset i kommunen sitt nye satsingsprosjekt «frå leige til eige»? For eit slikt prosjekt verkar dette som ei svært fornuftig plassering. Nettopp på grunn av nærleik til sentrum, skulen og aktivitetar for barn og vaksne.
Me håpar politikarane i Seljord vil ta brevet og tankane våre til etterretning, og legge hardbruksbustadane i Seljord kommune til ein meir eigna stad. Dette meiner me vil vera til det beste for innbyggarane og dei som evt skal nytte seg av bustadane.
Mvh
Nabolaget

Mona Eliassen
Dag Vidar Noraberg
Aina Barstad
Jytte Sveinsson
Bent Sveinsson
Pål Løken
Anne Lene Angre
Lars Andre Dahlen Rue
Kine Kristoffersen
Jofrid Sandsdalen
Bjørn Sandsdalen
Aina Tveit
Vegard Haugland
Anne Berit Øygarden
Jarle Sandsdalen
Oddny Norgaard
Stein Lunna
Torbjørn Sigstad
Kine Jordbakke
Guro Mariann Flatland
Gunn Ingrid Langedok
Valborg Eilefstjønn Inger
Kjellfrid Brekke
Jarle Ståland
Kai Rune Flatland
Einar Tufte
Karianne Firingen Skori
Karin Firingen
Eli Aksnes Flatland
Geir Tore Flatland


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

97 underskrifter hittil!

Opprettet av
Mona Eliassen
20.11.2020
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad