Støtteopprop til krav om oppfylging av vedtak i reguleringsplan for Lutelandet Energipark


Til: Fjaler kommune

Reguleringsplanen for Lutelandet Energipark vart vedteken i Fjaler kommunestyre den 25. oktober 2011, sak 87/11. Planen gjev m.a. vilkåra for å ta i vare miljø og naboar, og er juridisk bindande.

Støy er eit alvorleg problem rundt vindkraftanlegg, og § 3.5 i reguleringsplanen krev utgreiing og vurdering av konsekvensane lågfrekvent lyd (djup bass) har for menneske som jobbar og/eller leve med vedvarande monoton lågfrekvent lyd frå vindturbinar. Di lågare frekvens, di mindre absorberer luft lyden, og forsking har vist signifikant samanheng med folkehelseproblem minst 15 km frå vindturbinanlegg.

Vi opplever at politisk fleirtal i Fjaler kommune er så ivrige etter å springe utbyggjar sitt einsidige ærend, at dei vrakar både plan og bygningslova og sine eigne reguleringsplanar. Er dei ikkje valde for å ta i vare kommunen sine innbyggjarar og arbeidstakarar, denne gongen i områda på og rundt Lutelandet?

Korssund hyttelag har sendt dokumentet i linken under til Fjaler kommune: https://innsyn.onacos.no/fjaler/wfdocument.ashx?journalpostid=2020004666&dokid=226802&versjon=1&variant=A&

Vi håpar du gjev deg tid til å lese dette dokumentet, og om du er einig, signerer dette støtteoppropet.

Signeres av: For innbyggar og berørte partar i Fjaler kommune


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

18.05.2020

Forklaring:
For å finne dokumentet linken viser til KOPIER linken inn et nytt nettleservindu.
Få varsel på e-post når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

156 underskrifter hittil!

Opprettet av
Idar Skår
16.05.2020
Område
Sogn og Fjordane

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad