Engasjer deg! HAREID


Til: Innbyggarane i Hareid kommune

Etter å ha snakka med Hareid kommune i dag 20.03.19 fekk eg vete at forslaget om fleire bossdunkar tilgjengeleg i kommuna, for dei som ikkje klarer å ta med sitt eige boss til ein dunk i nærleiken eller heim til eige boss, har blitt kutta ut 2 år på rad.
Dette er ille når forsøplinga aukar og folk ikkje tek ansvar.
Vi er fleire frivillege plukkarar i kommuna som snart mister motet, difor set eg i gong denne underskriftskampanjen og håper på minst 100 underskrifter.
Dette er nok til at kommunestyret må ta opp forslaget på nytt og då har vi moglegheita å påverke styret ved å vise dokumentasjon om korleis det ser ut i heile kommuna. Oppfordrar til å sende inn bilder på mail til Hareid kommune der det viser forsøplinga som brer seg.

Det er naturlegvis ikkje kun kommuna sitt ansvar å halde det reint og fritt for søppel - vi må ta eit tak sjølve og slutte å forsøple.
Emballasje er lettare etter innhaldet er tomt, då er det lett å legge det i ei lomme eller i bilen som man er i, til man er ved ein søppeldunk og kan kaste søpla der den høyrer heime.
I bil kan man ha ein pose til søppel som man har med til einkvar tid og har boss i den i staden for å kaste ut vindauget. Berre eit døme.

Håper på stort engasjement og kanskje sprer engasjementet seg til nabokommunene?


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

14.05.2019

No har vi 112 underskrifter, eg vil gjerne ha fleire før eg sender inn til kommuna - kan de dele med vener og familie?
Mvh. Nina
Få varsel på e-post når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

115 underskrifter hittil!

Opprettet av
Nina Renate Røyset
20.03.2019
Kategori
Miljø
Område
Møre og Romsdal

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad