Bjerkreim FAU er bekymra for følgene av ei nedlegging av tannklinikken på Vikeså.
Me vil kjempa for likevel å få behalda tannklinikken!!!!
Me lurer på om alle ulemper og meirkostnader for ansatte, pasientar og samfunnet er teke med i vurderinga? Det er mange fleir enn Tannhelse Rogaland som har kostnader knytta til dette!
For oss foreldre betyr det veldig mykje at tannklinikken ligg lokalt. I dag er det ca 2 min å køyra frå Vikeså skule og 6-7 min frå Bjerkreim skule. Ca same reiselengde gjeld frå barnehagane. Den korte reiseavstanden betyr at når eit barn skal til tannlegen, treng det ikkje tas ut frå undervisninga så lenge. Når ein skal måtta frakta barna lengre, anten det er til Ålgård eller for nokre til Eigersund, kan det bety nesten ein time til saman i reis. Elevane mister undervisning.
Dei mister også ein trygghet. Det er utfordrande for nokon å gå til tannlegen, og særleg for barn med spesielle behov. For desse er det trygt og kjent å ha sin tannlege lokalt.
Foreldra som køyrer, må dessutan ta seg fri frå jobb i mykje større omfang enn i dag. Ikkje alle arbeider i umiddelbar nærhet til skulen der barna går, og må kanskje forlata arbeidsplassen fleire timar for å køyre til skulen, til tannlegen, til skulen og tilbake til jobb. Alle kan ikkje få tannlegetime tidleg på morgonen eller seint på ettermiddagen for å sleppe ei av vendingane. Den samfunnsmessige kostnaden og ulempen med tapt arbeidskraft, tapt lønnsinntekt (alle har ikkje rett på permisjon med lønn for å køyre barn til lege eller tannlege) blir myrkje større enn i dag.
Er desse samfunnsmessige utfordringane teke med i vurderinga? Det blir også meir omfattande å få dei eldre til tannlegen. Sjølv om ein vil ha rett på å dekka skyssen, er det jo kostnader i dette.
Me er veldig fornøgde med at klinikken pr i dag er lokal, og ønsker at dette kan tas opp til ny vurdering. Det er ingen skam å snu! Nye lokale finst her, for eksempel i tilknytning til det splitter nye legesenteret i Bjerkreimshallen. Me har flotte tannlegar, som bur her og vil arbeida her. Ei nedlegging gjer alt meir tungvint for både dei ansatte på tannklinikken, arbeidsplassar, skular, pasientar og pårørande.
Ein ting til: Så lenge det også er uavklart ifht kommunereformen om kor ansvaret for tannlege skal liggja i framtida, synes me det er uheldig å avgjere ei nedlegging no.
Bjerkreim FAU v/ leiar Torunn Bjerkreim Moi