Skriv under, og støtt oss i kampen mot nedlegginga av studiespesialiserande tilbod i Arna!!!
Arna er i utvikling! Politikarar planlegg byutvikling i Arna, og ei nedlegging av studiespesialisering vil vere mot sin hensikt. Nylege prognoser viser at Arna bydel vil i løpet av 10 år vokse mykje. Det er snakk om ei auke på 10 000 innbyggjarar, og mange nye bustader er under planlegging og bygging. Då kan vi tru at det blir ca. 500 elevar mellom 16-20 år som skal ha eit tilbod om vidaregåande utdanning. Det er lett å komme seg frå sentrum til Arna og Garnes, og saman med auka innbyggjartal i Arna, vil behovet for ein vidaregåande skule med studiespesialiserande tilbod i Arna auke.
Studiespesialiserande tilbod i Arna er populært per i dag, og det vil berre auke. Hausten 2012 var det venteliste på Garnes i 1. klasse, både på studiespesialiserande og i mediafag.
Garnes har tilbod om bland anna realfag, språkfag, samfunns -og økonomifag, breddeidrett, påbygg, media og kommunikasjon og musikkfag. Dette er eit unikt studietilbod som er lokalt!
Støtt oss i vår påverknad til politikarane fram til fylkesmøte i midten av mars.
Helsing elevrådet ved Garnes Vidaregåande skule =)