Nei til nedlegging av Bømlo omsorgstun.


Til: Bømlo kommunestyre

Bømlo omsorgstun har både fornøgde ansatte, pasientar og pårørande. Når ein trer inn i sjukeheimen ved Bømlo omsorgstun trer ein inn i ein heim. Dei ansatte har med bygdefolkets bidrag lagt mykje tid og energi for at dette skal opplevast som ein heim og dei lukkast! Dei ansatte er dyktige fagfolk som har ei omsorg og varme for pasientane som er eineståande. Pasientane ved sjukeheimen i Bømlo omsorgstun har ein utruleg god og meiningsfull kvardag med både aktivisering, støtte, humor og trygghet.
Det er ein stor fordel at dei ansatte i heimetenesta er dei same ansatte som pasientane møter ved sjukeheimen på Langevåg. Dette dannar eit unikt grunnlag for trygghet og omsorg for pasientane. I tillegg gir det dei ansatte ein stor fordel ved at dei allereie kjenner til pasientane og deira sjukdomsbilde.

Slik vil me at det fortsatt skal vera framover også.
Dårleg kommunøkonomi kan ikkje rasere ei velfungerande eldreomsorg.
Forslaga som ligg på bordet vil gje eit dårlegare tilbud, bla ved å redusere antall sjukeheimsplassar i Bømlo kommune frå 99 til 91. Dette i ei tid kor ein står i startgropa til eldrebølga. Det er ikkje realistisk å tru at at så mange eldre skal klare seg heime sjølv. Det kjem til eit punkt for den enkelte kor ein må ha døgntilsyn. Det er rett og slett ikkje nok med nokre få korte tilsyn i døgnet og ein trygghetsalarm.

Så politikarar, me vil oppretthalde Bømlo omsorgstun slik at dei eldre kan få behalde det unike og verdige omsorgsordtilbodet sitt!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

1003 underskrifter hittil!

Opprettet av
Viviann Sørenes
2 uker siden
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad