Ja til meir etikk i Oljefondet


Til: Finansminister Sigbjørn Johnsen

Statens Pensjonsfond – Utland (Oljefondet) er eit av verdas største investeringsfond. 3700 mrd. kroner er investerte i 8500 selskap. Og det går på helsa laus i utviklingsland.

Oljefondet skal sikre mest mogleg pengar for framtidige norske generasjonar. I 2004 kom det eit Etikkråd for fondet, med etiske retningslinjer som skulle sikre at Norge ikkje tener pengar på menneskerettsbrot, miljø-øydelegging eller rasering av menneskes livsgrunnlag andre stader i verda.

Likevel skjer det gong på gong.

Menneske får drikkevatnet sitt og matjorda si øydelagt av giftig avfall frå gruveselskap, får skogen sin hogd ned av skoghogsselskap, blir tvangsflytta til fordel for miljø-øydeleggande oljeutvinning, og blir nekta tilgang til livsnødvendige medisinar fordi legemiddelselskapa vil blir rikare og sel medisinane dyrare enn dei fattige har råd til. Dette er snuskete selskap Norge – og du – tener pengar på.

Etikkrådet som skal passe på etikken i selskapa i Oljefondet får ikkje gjort jobben sin godt nok. Nye brot på dei etiske retningslinjene kjem stadig fram. Sjølv når Etikkrådet har funne ut at selskap bryt retningslinjene, og ikkje viser ønske om å forbetre seg, kan Finansdepartementet avvise rådets tilråding om uttrekk.

Vi vil ikkje at profitt og politikk skal vere viktigare enn etikk. Changemaker krev difor:

1. At Etikkrådet får myndigheit til å vedta uttrekk frå selskap som bryt menneskerettar.

2. Auka ressursar til det etiske arbeidet i Oljefondet.


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

6 underskrifter hittil!

Opprettet av
Vegard T. Foseide

På vegne av
Changemaker
07.11.2012
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad