
Bevar danse og dramalinja ved Firda vidaregåande skule!
Det er med stor sorg og uro eg har fått vite at danse og dramalinja. Dette gjeld ved Firda vidaregåande skule står i fare for å bli lagde ned. Eg ønskjer derfor å starte denne underskriftskampanjen for å vise kor viktige desse linjene er, og for å oppmode politikarane. Dette gjeld for Vestland fylkeskommune til å bevare dei.
Eg går sjølv VG1 ved Firda vidaregåande skule, og eg har allereie fått oppleve kor mykje denne skulen og linja betyr for meg. Eg har fått nye venner, blitt kjend med menneske eg elles kanskje aldri ville møtt, og fått moglegheita til å utvikle meg både fagleg og personleg. Eg har også flytta på hybel og fått verdifull erfaring med å bu åleine, ta ansvar og bli meir sjølvstendig.
Dette er erfaringar eg unner fleire å få oppleve. Eg ønskjer at framtidige elevar skal få den same moglegheita som eg har fått – til å finne eit miljø der dei kan kjenne seg heime, utvikle interessene sine og skape vennskap og minne for livet.
Firda vidaregåande skule er meir enn berre ein skule.
Det er ein stad der elevar får utvikle talent, utforske interesser og vere ein del av eit fellesskap. Danse og dramalinja er ein viktig del av dette fellesskapet og utgjer ein stor og verdifull del av skuletilbodet. Skulen kjem til å miste litt av sjarmen og det mangfaldet skulen har!!
Det at politikarane ser kor viktige desse tilbudet er sårt. Dette er noko heile skulen er litt prega av. Det at vi har valt desse linje er ikkje tilfeldig. Mange ser desse linje på som heime. Eit sted der vi blir ein familie der vi knytter sterke og evige band.
Danse og dramalinja handlar om så mykje meir enn berre undervisning. Gjennom store musikalar, framsyningar og ulike produksjonar får elevane moglegheita til å arbeide saman. Dei får være kreative og vise fram det dei brenn for. Framsyningane gir også menneske utanfor skulen moglegheita til å oppleve scenekunst og få glede av det elevane skaper.
Desse linjene gir ungdom ein moglegheit til å kombinere interessene sine med ei studiekompetansegivande utdanning. Ikkje alle ungdommar ønskjer ein tradisjonell skulekvardag. Nokon lærer best når dei får bruke kroppen,kreativiteten, uttrykksevna og skapargleda si. For mange er dans og drama nettopp grunnen til at dei finn motivasjon og glede i skulekvardagen.
Ei nedlegging vil ikkje berre påverke elevane som går der i dag. Ho vil også ramme framtidige elevar som kanskje aldri får moglegheita til å oppleve det same. I tillegg kan lærarar og andre tilsette miste arbeidsplassane sine fordi undervisningstilbodet dei arbeider med, forsvinn.
Det er trist å tenkje på at eit så viktig tilbod kan forsvinne, og at politiske avgjerder kan føre til at ungdom mistar ein stad der dei får utvikle seg, uttrykkje seg og følgje draumane sine.
Vi må hugse at vidaregåande skule ikkje berre handlar om karakterar og utdanning. Det handlar også om trivsel, meistring, tilhøyrsle, vennskap og moglegheita til å finne sin eigen veg i livet.
Vi ønskjer ikkje at framtidige elevar skal miste denne moglegheita.
Difor ber eg politikarane i Vestland fylkeskommune om å lytte til elevane, lærarane, føresette og alle andre som bryr seg om dette tilbodet. Sjå verdien av danse og dramalinja, ikkje berre gjennom tal og økonomi, men gjennom menneska som får glede, motivasjon og framtidsmoglegheiter gjennom desse linjene.
Eg opprettar denne underskriftskampanjen fordi eg ønskjer å kjempe for at fleire skal få oppleve det eg sjølv har fått oppleve. Eg håpar at så mange som mogleg vil skrive under og vise at danse, og dramalinja ved Firda vidaregåande skule betyr noko.
Hjelp oss med å bevare danse og dramalinja ved Firda VGS.
For elevane som går der i dag. For lærarane som brenn for faga sine. Og ikkje minst for alle ungdommane som fortener å få den same moglegheita i framtida.
Ikkje legg ned eit tilbod som gir ungdom skaparglede, meistring, vennskap og framtidstru. Bevar danse og dramalinja!
Firda VGS meir enn ei skule!