Det er vedteke at Pasientbiblioteket på Haukeland Universitetssjukehus skal leggast ned med avvikling innan 1. juli i år, for å spare pengar. Dei faglege og økonomiske begrunningane er uklare.
Biblioteket er eit viktig lavterskeltilbod for pasientar og pårørande på sjukehuset, med tanke på tilfrisking og trivnad. Tilbodet gjev kulturell beredskap, og er i tråd med Totalberedskapsmeldinga til Regjeringa frå 2025. Sjukehuset står dessutan framfor store utbyggingar som vil auke trafikken i fellesareala. Difor er gode vente- og opphaldssoner viktigare enn nokon gong.
Pasientar, pårørande og tilsette sine reaksjonar på nedlegginga, kopiert frå Facebook og Innsiden:
Pasient: «Då eg var innlagt til operasjon vitja eg bilioteket fast. Det gjev aning om eit anna liv å vera der og lesa i bøker og kjenna at livet er meir enn sjukdom. Berre det å koma inn i fellesmottaket er annleis når eine bakveggen er eit bibliotek. Framfor der sit menneske i fleire timar og ventar på heimreis, på å vitja sine nære eller pasientar som treng ein kvil i ein god stol for litt «luft». Eg såg mange som henta seg bøker og aviser i bibliotekhyllene og sette seg godt til rette»
Pårørande: «Då eg ruslar opp att til avdelinga der guten min er innlagt kjenner eg at besøket på Pasientbiblioteket har gjort meg godt. Eg har fått ei "kulturell vitamininnsprøyting" og kjenner meg sterkare som pårørande. Denne transformasjonen trur eg ikkje hadde vore mogleg i nøytrale sjukehusomgjevnader. I dette kultureldoradoet, i hjarta av Sentralblokka, er det altså mogleg å få denne frisona som er så godt for helsa. Eg vonar guten min vert klar for Pasientbiblioteket før det skal leggast ned. Kanskje kan det bidra i tilfriskinga hans?»
Tilsett: «Eg er svært overraska over at dette tilbodet skal leggast ned. Moglegheita for gratis og lett tilgjengeleg litteratur gjev akkurat det pusterommet og verkelegheitsflukta ein kan trenge - om ein er innlagt eller pårørande. Liggetida er kort for dei fleste, men mange er gjengangarar med mange innleggingar. Å lese i ei handfast bok kan skape ro og konsentrasjon. Å satse på lågterskeltilbod er ein verdi som nødvendigvis ikkje skal målast i penger. Bibliotektilbodet når ut til alle og bør satsast på»
Som pårørande har eg kontakta Brukarutvalet, styret og leiinga på sjukehuset. Svaret deira er at vedtaket er fatta og at det ikkje er grunnlag for å revidere. Eg vonar difor at du vil signere på kampanjen, slik at det er von om at pasientar og pårørande i framtida også kan nytte seg av dette viktige tilbodet som utgjer ein stor forskjell.