Ja, til å behalda Førde Legekontor slik det er i dag.

Ja, til å behalda Førde Legekontor slik det er i dag.


Til: Sveio Kommune

Førde Bygdalag meiner det er avgjerande for lokalsamfunn og folkehelse at legekontoret i Førde vert vidareført og styrka.
Førde legekontor blei oppretta på 1920-talet og var lenge det einaste legekontoret i Sveio. I dag er kontoret eit livsviktig tilbod til om lag 2 000 pasientar/innbyggjarar i nordre del av kommunen. Eit lokalt legekontor sikrar nærleik og tryggleik for sårbare grupper som eldre og kronisk sjuke. Ei sentralisering til Sveio sentrum vil auka reisetid og risiko for at innbyggjarar droppar eller utset nødvendig legebesøk, med potensielt alvorlege helsemessige konsekvensar.

Covid-19-pandemien viste kor viktig det er med lokale beredskapspunkt og fleksibilitet i helsetenesta. To separate legekontor reduserer risikoen for smittespreiing og sikrar at tenesta held fram sjølv om eitt kontor må stengja midlertidig.

Sveio har i dag ein av dei mest stabile fastlegeordningane i regionen. Den såkalla «Sveio-modellen», med fleire mindre kontor, er attraktiv for legane sjølve og sikrar gode arbeidsforhold og nærleik til pasientane. Fastlegane i Sveio har offentleg uttrykt at dagens modell fungerer svært godt, og at dei ikkje ønskjer ei sentralisering. Nedlegging kan truga rekrutteringa og stabiliteten blant legane, noko som igjen vil svekke helsetilbodet.

Politikarane i Sveio har ved fleire tidlegare høve uttrykt støtte til å behalde legekontoret i Førde. Ein underskriftskampanje i 2023 viste også klart at innbyggjarane ønskjer å behalde dette viktige tilbodet lokalt.

Sentralisering vil krevja auka investerings- og finanskostnader for kommunen. I tillegg kjem meir skjulte kostnader ved nedlegging som auka bruk av spesialisthelsetenesta og legevakt, lengre transporttid for pasientar og svekka lokal attraktivitet for busetnad og næringsliv.

Førde Bygdalag opplever at administrasjonen i Sveio kommune med uregelmessige mellomrom dei siste fem-seks åra har opna for strid og uro rundt Førde legekontor. Nå er det tid for ro og fred rundt denne saka. Å behalde legekontoret i Førde handlar ikkje berre om økonomi, men om kva slags samfunn vi ønskjer å ha. Førde er ei bygd rikt på natur, kultur, tradisjon, attraksjonar og utviklingspotensiale. Bygda sine innbyggjarar har dugnadsånd, med vilje til ekstrainnsats, inkludering, samhald og framtidstru.

Ei svekking av offentlege servicetilbod i Førde vil få ringverknader for butikken, skulen, vidare tilflytting, busetnad og sosialt liv. Eit levande og optimistisk lokalsamfunn i Førde vil gjera Sveio kommune meir attraktiv for tilflytting og næringsverksemd, noko som vil vera til beste for kommunen som heilskap.

Førde Bygdalag oppmodar sterkt politikarane i Sveio til å sikre vidare drift av Førde legekontor.

Med helsing,
Førde Bygdalag
v/Leiar, Tor Inge Flåten

Signeres av: Alle som meinar at Førde Legekontor skal bestå!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

3 underskrifter hittil!

Opprettet av
Susanne Førde
6 timer siden
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad