Innbyggarforslag i samband med akutt stenging av Skålevik Skule


Til: Øygarden kommune

Skålevik skule vart akutt stengt på bakgrunn av funn av frie asbestfibrar 21. januar i år. På èin dags varsel vart elevane splitta opp og plassert på tre ulike lokasjonar; Skålevik, Ulveset og
Ågotnes. Dette er løysinga fram til sommaren 2025. Vi etterlyser ei konsekvensutgreiing av ei forlenga akutt løysing, og ein plan for korleis barna kan få ein trygg og god skulekvardag i fortsetjinga etter sommaren.

Barna våre er tydelege på at dei vil tilbake til Skålevik, og dette må vere det viktigaste argumentet for ei løysing frå haust 2025. Vi føreslår med dette ei løysing med barna i fokus, slik at dei kan bli ivaretatt på best mogeleg måte framover.

Vår løysing er:
Utvide eksisterande paviljongar/brakkebygg med nye modular slik at alle elevar kan samlast på Skålevik skule frå haust 2025.
På bakgrunn av ein akutt situasjon med stenging av Skålevik skule er det behov for å setje inn tiltak med elevane sitt beste i fokus. Vi føreslår ei løysing der Skålevik skule vert oppretthalden i påvente av ny skule på vestsida. Dette er grunngjeve i kva som er den beste løysinga for våre barn. I tillegg meiner vi at den føreslåtte løysinga også er den beste for lokalsamfunnet og av økonomiske omsyn.

Skålevik skule har i fleire ti-år blitt tilsidesett. Det som no skjer er ein varsla katastrofe, som likevel kjem akutt og plutseleg på. Denne akuttsituasjonen, med tilhøyrande naudløysingar, kan ikkje halde fram. Mange av kommunen sine små innbyggjarar ikkje får den oppveksten dei har krav på. Dette handlar om både tryggleiken til barna våre, innverknaden på eit heilt lokalsamfunn og ikkje minst eit fråvær av solide, planlagde prosessar som kan tryggje barna og oss foreldre. Det finst ei grense for kva vi som innbyggjarar kan leve med når det kjem til å la naudløysingar i ei krise bli den nye kvardagen. Vi treng alle at den kvardagen blir føreseieleg for barn, foreldre og tilsette, at barnekonvensjonen blir ivaretatt og at heilskaplege løysingar blir valde og at innbyggjarane blir høyrde.

For fullstendig Innbyggarforslag sjå:
https://docs.google.com/document/d/1gtZ15de54m56k2Uqp9vlt3Xw4TpeFJLh/edit?usp=sharing&ouid=114167782532846344683&rtpof=true&sd=true


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

710 underskrifter hittil!

Opprettet av
Christina Fjell Helleland
1 uke siden
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad