Vi ønsker eit kjøkken i Måløy som er uavhenig av Bordgleder og leverer varm mat 7 dager i veka.
Bordgleder har viste seg å være ei fordyrande utgift for både kommunen og brukarane av tenesten.
Kinn kommune bør avvikle Bordgleder og få kjøkkendrift i eigen regi i både Måløy og Florø.
Våre politikara må no sjå galskapen i å holde liv i eit kommunalt foretak som kostar meir enn det smakar.
Å gi millionar i lønn til styreleder og daglig leder som ikkje produserar mat har vi ikkje råd til i Kinn kommune.
08.06.2024
I dag var eg oppom Kulatoppen omsorgssenter på aktivitetsdag. På berre eit par timer fikk eg 200 fysiske underskrifter. Det var eit voldsomt engasjement og folk sto i kø for å skrive under.