Signer imot demning av Selsvatnet ved Storehesten (Kvamshesten) i Bygstad.

Signer imot demning av Selsvatnet ved Storehesten (Kvamshesten) i Bygstad.


Til: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sunnfjord Kommune og Vestland Fylke

Ved Storehesten i Bygstad er det planlagt oppdemming av Selsvatnet med ein 80 meter lang demning i urørt og vakker fjellnatur!

Selselva Kraft AS v/ Norsk Vannkraft har søkt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å bygge ut resten av Selselva sin øvre del og lage ein demning i fjellet der Selsvatnet ligg. Selskapet som vil bygge ut her (Norsk Vannkraft AS) er eigd av utanlandske investorar med 71% eigarskap.

Selsvatnet ligg 804 m.o.h. i eit høgfjellsområde som strekker seg frå Langeland Skisenter i aust, via Gjøset, Lisjehesten, Storehesten, Staurane og mot Blegja. Området er bortsett frå ei dagsturhytte ved foten av Storehesten i aust utan inngrep. Selsvatnet er eit av dei største i heile dette høgfjellsområdet. Vatnet som er søkt oppdemt ligg like ved turvegen både til Storehesten og Blegja.

Dette området er utruleg viktig for mange: Sunnfjord kommune har kartlagt og verdsett området til den høgste verdien; eit svært viktig friluftsområde. Det er søkt om UNESCO-status og etablering av Geopark. I geologisk samanheng og med sine godt synlege devonavsetningar er høgfjellsområdet unikt, både nasjonalt og internasjonalt. Fritt, rennande ferskvatn er heilt avgjerande for artsmangfoldet av fisk, fugl, insekt, dyr og planter i området. Opphald av ein reinsdyrstamme er her både sommar og vår medan isen enno ligg på Selsvatnet. Fritt rennande vatn er nødvendig og til glede både for menneske og dyr!

I tillegg er Selselva ei kjelde for drikkevatn til mesteparten av Bygstad. Vasskvaliteten har blitt merkbart dårlegare etter den første utbygginga av Selselva (elvekraftverket). Saman med instevassføringa og sigevatn frå myrområder langs elva, smakar vatnet svært dårleg i slike periodar. Ei oppdemming av Selsvatnet vil utvilsomt forsterke desse periodane og med det vasskvaliteten.

Vi vil ikkje at det skal gjerast inngrep i dette unike natur og friluftsområdet! Har dei først fått lov til inngrep i området, kan det opne for større inngrep i framtida. Den samla belastninga på økosystemet vert høgare og bit for bit kan vi miste den urørte naturen rundt oss utan at vi har protestert. Vær med og ta en kamp for den vakre plassen vi har og vil bevare.

Signer imot demning av Selsvatnet ved Storehesten!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

692 underskrifter hittil!

Opprettet av
allette alværvik
Ca. 2 mnd. siden
Kategori
Miljø
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad