Mot vegvesenet sitt forslag til plassering av ny E39 gjennom Førde

Mot vegvesenet sitt forslag til plassering av ny E39 gjennom Førde


Til: Statens vegvesen, Sveio Kommune og Storting

Ny E39 - Firefelts motorveg

Oppfordar alle som har anledning til å møte på formanskapsmøtet til Sveio kommune i morgen 27.11.23 kl 18.00. Der blir kommunens høringsuttalelse til vegvesnet behandla.

Førde Bygdalag har levert følgjande protestskriv til formanskapet:

Motorveg må i tunnel utanom Førde

Med sjokk og vantru er me blitt presenterte for Vegvesenet sine planar om bygging av ny firefelts motorveg gjennom bygda vår. Den eine traseen er teikna midt gjennom bygda og andre traseen, som knapt er noko alternativ, er mest like øydeleggjande for bygda og for nærmiljøet omkring.

Dette er andre gongen at Statens Vegvesen vil pløya seg veg midt gjennom den idylliske Førde-bygda. Denne gongen må slike planar stoppast.

Framlegget til ny firefelts veg langs den vestlege traseen gjennom bygda, vil tvinga folk til å flytta frå heimane sine, vil stoppa vidare utvikling av næringsområdet på Hanaleite, byggja ned enda meir av den aller beste jordbruksjorda som finst i Sveio kommune. Dertil vil eit slikt vegval rive grunnen bort frå det store potensiale som den idylliske bygda mellom strand, fjord og skog har innan reiseliv og småskala turisme. Men aller mest alvorleg er at bygda blir ein mykje mindre attraktiv stad for bulyst og trivnad.

Det austlege alternativet vil også øydeleggja hus og heim, for utvikling av næringsfelt og nedbygging av jordbruksjord. Dessutan vil ein motorveg, der bilar skal kunne halda ein fart på 110 km/t, skapa mykje støy gjennom store delar av døgnet. Dette vil merkast i heile bygda, men aller mest for bustadhus og gardsbruk som får vegen tett innpå seg. Det same vil gjelda for kyrkja og samfunnshus som vil få ein ny, nær og særs støyande nabo.

Alternativ i tunnel

Men gode alternativ finst dersom politisk vilje er til stades. Skal ny firefelts veg byggjast må det lagast ein ny trase som i sør går inn i tunnel i Lierfjellet og derifrå siktar seg inn mot den
søre enden av Bandalstjørna ved Fvn1, Ålfjordvegen. Derifrå kan vegen leiast inn i en ny tunnel gjennom Krofjellet. Vidare nordover er det ei rekkje av berg og fjelltoppar som ny veg kan gøymast i, heilt fram til og med nordsida av Dreng ved E39, kor sidevegar tek av til Austvik og Håvardsholm.

Ved å leggja vegen i tunnel utanom Førde-bygda vil ein i tillegg til å verna om bustadhus, næringsbygg, næringsverksemd, kulturlandskap, bygdeliv og bulyst, også kunne avgrensa skadane for dyreliv, friluftsliv og skogbruk.

Friluftsliv og dyreliv

Dei nære skogsområda, både sør og aust for Førde, inneheld turvegar, stiar og turorienteringsløyper. Dette er viktige rekreasjonsområde som er flittig brukte av fastbuande, turistar og andre besøkjande. I framtida vil slike nærast urørde område bli enda meir etterspurde. Ein ville aldri fått aksept for å leggja nye firefelts vegar i dagen gjennom turområde nær større byar. Protestane ville blitt for mange og for høglytte.

Ein brei motorveg i dagen med høge viltgjerde langs begge sider vil skremma bort hjortevilt og andre dyreslag som lever i skogen. Dei blir hindra frå å kunne bevega seg over store område, slik dei treng for å leva, trivast og veksa. Bygging av viltbruer eller undergangar er også ein kostand ein slepp unna dersom motorvegen ligg i tunnel.

Sluker areal

Arealkrevjande er eit nøkkelord for bygging av motorveg. Ifølgje Vegvesenet sine eigne tal kan den totale trase-breidda for veg, vegskuldrer og skråningar koma opp i 140 meter, der vegen skal sprengjast fram med høge skjeringar.

Det som stel aller mest areal er vegkryssa. I følgje Vegvesenet skal det byggjast nokre få slike krysss på strekninga Bokn-Bømlafjorden. Eit kryss er på planteikninga midt i Førde. Vegkrysset skal byggjast i to plan med ei rundkøyring på kvar side av motorvegen. Berre vegkrysset aleine vil krevja mangfaldige mål av beste jordbruksjord, minst seks bygningar må rivast og delar av skulen sin leikeplass går med i dragsuget. Dette vil bli eit arkitektonisk monument over overgrep og kulturelt forfall. Dette må aldri bli realisert?

Av- og påkøyring til motorveg kan leggjast fleire kilometer unna og tilpassast der slik arealbruk gjer minst mogeleg skade. Både sør og nord for Førde er dagens E39 opprusta. Dersom motorveg blir realisert, vil dagens E39 få svært liten trafikk og det vil vera få sekundar å spara om ein køyrer nokre kilometer på denne vegen med 80-sone kontra ei tilsvarande strekning langs fire-feltsveg.


Lokalpolitikarane sit me nøkkelen

Ein ny motorveg gjennom, kommunen blir ikkje bygd for å stetta Sveio kommune sine innbyggjarar og deira krav til transport. Dette blir ein typisk gjennomfartsveg, mest for dei som bur og arbeider nærare endepunkta i sør og nord langs denne strekninga.
Men Sveio blir vertskommune for dramatiske inngrep i natur og kulturlandskap, som vil endra kommunen for alltid. Sveio-politikarane er dermed i posisjon til å stilla tydelege krav om korleis desse endringar skal kunne gjennomførast.

I følgje Vegvesenet vil dei byggja veg som skal vera nyttig i minst 100 år. Då må ein ikkje bli freista til å ta billege snarvegar utan å tenkja tilstrekkeleg på konsekvensane for lokalsamfunna langs vegen. Våre folkevalde må i første rekkje ta omsyn til eigne innbyggjarar, til folkehelse, til innbyggjarane sin bulyst og trivnad. Slik kan me framleis vera stolte av å høyra til i bygda vår.

Førde Bygdalag krev at Sveio formannskap og kommunestyre samlar seg om ei fråsegn til Statens Vegvesen med eit tydeleg og ufråvikeleg krav om at ein ny E39 må leggjast i tunnel langt aust for Førde sentrum.

Førde Bygdalag

Signeres av: Alle som vil at tunnelen skal leggjast i tunnel


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

71 underskrifter hittil!

Opprettet av
Susanne Dale Førde
04.12.2023
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad