Borna MÅ få ein trygg skuleveg! Vi har ingen og miste!

Borna MÅ få ein trygg skuleveg! Vi har ingen og miste!


Til: Stryn kommune og Statens Vegvesen

Eit gangfelt er ein stad der du som fotgjengar kan krysse vegen. Det skal vere markert med kvite striper i vegbana og i front av gangfeltet skal det vise eit blått firkanta skilt med ein svart mann på at her er det eit gangfelt.

Dette er det mange av oss som bur på "elvesida" i Stryn som draumer om å få og som har gjort det i åresvis.

Tek du deg turen ut av Stryn sentrum og dreg i retning austover, legg du kanskje merke til at det ikkje eksisterar eit einaste gangfelt der det er mogleg å få kryssa vegen trygt for mjuke trafikantar?

Dette er ei svært trafikkert område (spesielt i Riise og Bø) der det er busslommer på begge sider. Her er også Stryn ungdomsskule og særs mange nybygg av både leiligheter og hus har dukka opp dei siste åra.

Fartsgrensa er 60 km/h, det er riksveg, mykje tungtransport, ingen fartsdumpar og ein knapp sving rett før der flesteparten av born og vaksne dristar seg til å krysse vegen.

Det har vore søkt om gangfelt to gongar, men avslag begge gongar pga at dei sit på gamle opplysningar om innbyggjartal.

Rett før kl. 9 i vekedagar susar bilar forbi for å rekke både levering av born til ungdomsskulen, nokre skal andre vegen for å rekke barneskule, vgs, barnehage og jobb. Det er nettopp då det er ekstra fårleg.
Det er jo også på dette tidspunktet born og vaksne busett i dette området skal kome seg til barnehage, jobb og skule, nokre born heilt på eiga hand, og dette utan ei sikker kryssing nokon plass.

Mål og håp for denne underskriftskampanjen er å setje søkelyset på at vi treng ein trygg overgong for alle born (og vaksne) som bur på "elvesida" i Stryn. (Bø, Riise)

Håpar du vil skrive under.....

Vi har ingen og miste.??


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

29.04.2023

Tusen takk til alle som tek seg tida, bryderiet, orket og hjelpa med å skrive under. Håpar vi alle saman får retta søkjelyset mot tryggare ferdsel blant mjuke trafikantar frå Stryn sentrum og austover.

29.04.2023

Tusen takk til alle som tek seg tida, bryderiet, orket og hjelpa med å skrive under. Håpar vi alle saman får retta søkjelyset mot tryggare ferdsel blant mjuke trafikantar frå Stryn sentrum og austover.
Få varsel på e-post når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

62 underskrifter hittil!

Opprettet av
Oddny-Kristin Drageset-Nøstvold
28.04.2023
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad