Nei til nedbygging av Hystadgardane!

Nei til nedbygging av Hystadgardane!


Til: Stord kommune

Hystadgardane er eit verdifullt kulturlandskap, matjord og natur- og kulturområde i Stord kommune som i dag er føreslått nytta til å byggja nye bustader.

Stord SV meiner me må stansa dette, og sjå på utbygginga på nytt i samband med utarbeidinga av den nye kommuneplanen. Dette arbeidet går føre seg no, og her er viktige utgreiingar som må til, mellom anna om kor stort behov det blir for bustader i kommunen vår dei næraste åra.
Sidan sist kommuneplan blei vedteke for ti år sidan, er kunnskapsgrunnlaget vårt endra. Det er gjort strenge vedtak om jordvern, både sentralt og lokalt. Matjord skal ikkje byggjast ned, og det skal i større grad leggjast til rette for grøn struktur og friområde i nærleiken av bustad- og sentrumsområde.

Lov om biologisk mangfald legg strenge rammer for forvalting av natur- og kulturlandskap. Kulturminna skal sikrast i tråd med lovverket kommunane er forplikta på.
Det er framleis ledig tilrettelagt byggjeland i kommunen, så det er rom for å ta seg tid til forsvarleg og framtidsretta planlegging, til beste for innbyggjarane i ein berekraftig kommune.

Me meiner store utbyggingar av bustader og infrastruktur skal takast stilling til i ein overordna planprosess, heimla i plan- og bygningslova, ikkje i ein lausriven reguleringsplan. Områderegulering av Hystadgardane bør sjåast i samanheng med ei meir heilskapleg vurdering av utbygginga av nye bustadtomter i kommunen i samband med arbeidet med ny kommuneplan.

Støtt oss difor i kampen for Hystadgardane ved å bidra med di underskrift slik at me får stoppa vidare handsaming av saka!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

25.09.2022

Tusen takk til alle de 177 som har skrive under på underskriftskampanjen, og dermed seier eit klart og tydeleg nei til den planlagde nedbygginga av Hystadgardane! Det er godt å sjå at fleire er opptekne av kulturlandskap, matjord og natur- og kulturområde på Stord. Samstundes ønskjer me endå fleire med oss i kampen for Hystadgardane! Derfor ønskjer me i Stord SV å relansera underskriftskampanjen, og treng di hjelp med å dela han vidare på dei plattformene du brukar. Viss du sender lenkja til ein venn eller to, så når me kanskje 300 underskrifter om ein dag eller to?
Få varsel på e-post når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

195 underskrifter hittil!

Opprettet av
Alexander Papas
11.09.2022
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad