Framtidsførde. Mot gjennomgangstrafikk i sentrum


Til: alle over 16

Innsamla underskrifter skal brukast til å hindre at Førde blir ei trafikkmaskin i framtida. Vi vil ikkje ha gjennomgangstrafikk i sentrum, men tilretteleggje for mjuke trafikantar

Vi er ei gruppe som vil ha ein framtidsretta by. Då må delar av Førdepakken endrast. Til dette arbeidet treng vi underskrifter. Underskriftene vil framleggast politikarane.
Med mange nok underskrifter, må politikarane ta omsyn til oss.


Vi vil ha eit triveleg og framtidsretta Førde sentrum. Då må Førdepakken endrast.

I dei fleste byar vert gjennomgangstrafikk og tungtrafikk slusa utanom sentrum.

Med dagens planar vil det bli gjennomgangstrafikk i tre vegar inne i Førde sentrum:

Angedalsvegen - med bru over Jølstra ved Førdehuset

Langebruvegen forbi omsorgssenteret

Fjellvegen i sentrum sør.


Her er hjartesakene våre:

1. Vi ønskjer gang- og sykkelbru over Jølstra frå Førdehuset.

Vi ønskjer ikkje bilbru over Jølstra ved Førdehuset (tiltak 1)

Dette vil medføre store inngrep på kunstgrasbana og kunstverket Laksen. Miljøet ved Førdehuset og Festplassen vert forringa. På andre sida av elva vil biltrafikk øydelegge eit idyllisk område og den mykje brukte turstien.


2. Vi vil verne Indre Øyrane og Langebruvegen mot gjennomgangstrafikk (tiltak 12)

Vi ønskjer gang- og sykkelbru – ikkje bilbru over Løken.

Vegen vil gå rett framom omsorgssenteret, med 6000 bilar i døgnet. Stor trafikk her vil vere miljøfiendtleg, føre til svevestøv og er i sterk motstrid til planlagt friareal kring Løken på Indre Øyrane. Fuglelivet vert også skadelidande.


3. Vi vil ha gjennomgangstrafikken ut av sentrum, og endre trafikkplanen for Fjellvegen (tiltak 14)

Den gjeldande planen vil hindre utvikling av Sentrum sør til eit aktivt og triveleg sentrumsområde.

Vi ønskjer difor at tunnel i Hafstadfjellet og parkering i fjellhall vert utgreidd.

Det er mogleg å utvide Rv 5 (Naustdalsvegen) med fleire køyrebanar og avkøyringsfelt.

4. Vi ønskjer bru frå Ytre Øyrane til Halbrendsøyra (tiltak 20)

Denne ruta vil føre ein god del av trafikken utanom sentrumskjernen.
Vi vil ikkje ha gjennomgangstrafikk og tungtrafikk der den ikkje høyrer heime.

Det er ikkje for seint å få det til, men vi treng di underskrift.

Signeres av: Alle over 16


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

1726 underskrifter hittil!

Framtidsførde
Opprettet av

Framtidsførde

27.10.2020
Område
Sogn og Fjordane

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad