Nei til nedlegging av Mork rehabiliteringssenter!


Til: Helse Møre og Romsdal

Nei til nedlegging av Mork rehabiliteringssenter!

Mitt namn er Knut Engeset. Eg trudde det var ein fleip då eg hørte at Mork stod i fare for å leggast ned igjen. Er det ikkje vide kjent kva viktig funksjon Mork har? Som tidligare pasient ved Mork rehabiliteringssenter, har eg valt å starte ein underskriftskampanje for å hindre nedlegging av senteret. Styret i Helse Møre og Romsdal fattar si avgjerd den 25. oktober, så det hastar!

Mi eiga erfaring frå Mork:
På Mork gir dei ikkje berre svært god behandling prega av høgt kunnskapsnivå, men og krisehandtering og inkludering av familien. Både eg og dei nærmaste rundt meg følte ein enorm tryggleik då eg fekk kome til Mork fordi vi visste at eg ville få den beste hjelpa eg kunne få. Eg følte meg forstått både på det fysiske og psykiske plan, dei tilsette ivaretok alle mine interesser og eg fekk all den behandlinga eg følte eg hadde behov for. Det var så godt å vite at alle faggruppene på Mork kommuniserte godt seg imellom slik at eg fekk ei heilskapleg behandling. Varmtvassbassenget var dessutan eit tilbod eg naut godt av medan eg var der.

Nedlegging av Mork rehabiliteringssenter vil gje samfunnsøkonomiske konsekvensar og konsekvensar for enkeltmennesket som er råka av hjerneslag og andre sjukdommar og skadar.

Konsekvensar for pasienten:
• Mork tilbyr ei spesialisert rehabiliteringsteneste som kommunane ikkje kan gje, og som kommunane heller ikkje har høve til å byggje opp.
• Spesialisert rehabilitering i nærmiljøet gjer at det vert god samhandling mellom oppfylgjande teneste i dei nærliggande kommunane og spesialistar frå rehabiliteringssenteret. Denne samhandlinga gjer at pasienten får eit godt tilrettelagt tilbod i kommunen, og får nytta eigne ressursar på best mogleg måte.
• Dersom Mork vert nedlagt mister pasientane eit tilbod som dei ikkje kan få andre plassar. Mork gir spesialisert rehabilitering over tid. Pasientar som er lagt inn på Mork som institusjonspasientar vert i mange høve utskrivne som heimebuande.
• Pasientar råka av hjerneslag mister spesialisert kompetanse bygd opp over 36 år.

Samfunnsøkonomiske konsekvensar:
• Ei nedlegging av Mork vil ramme både kommunane og helseføretak på nordvestlandet negativt. Pasientar som ikkje får spesialisert rehabilitering vert forbrukarar av helsetenester på ein langt meir omfattande måte enn pasientar som gjennom spesialisert rehabilitering kan klare seg med eit minimum av helsetenester.
• Samhandlingsreforma har eit mål om at spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta skal tilby ei samla god teneste til pasientane. Nedlegging av Mork rehabiliteringssenter vil bryte med denne intensjonen.

Fordelingskonsekvensar:
• I følgje Samdata har Sunnmøre langt dårlegare kapasitet i høve spesialisert døgnrehabilitering enn ein har på Nordmøre og Romsdal.


Vi krev med dette at Mork rehabiliteringssenter vert oppretthalde!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

7092 underskrifter hittil!

Opprettet av
Knut Engeset
12.10.2011
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad