
STANS UTVIDINGA AV PST SINE HEIMLAR FOR SKJULT OVERVAKING
Vi, foreininga Resistans, ber Stortinget og Justis- og beredskapsdepartementet om å avvise eller vesentleg avgrense forslaget om endringar i politiloven § 17 d, slik det er lagt fram i høringsnotatet av 19. desember 2025.
Forslaget inneber ei betydelig utviding av Politiets sikkerheitsteneste (PST) sin adgang til å bruke skjulte tvangsmiddel i forebyggande øyemed, også i situasjonar der:
- ingen straffbar handling har funne stad
- terskelen for inngrep er formulert som «grunn til å undersøke»
- vurderingane i stor grad bygger på skjønnsmessige risikovurderingar
Etter forslaget kan PST få heimel til:
- skjult overvaking og dataavlesing
- ransaking og fysisk inntrenging i private heimar
- inngrep retta mot personar som ikkje er mistenkte for konkrete lovbrot
Dette representerer eit prinsipielt skifte i forholdet mellom stat og borgar, der førebygging basert på antatt risiko i aukande grad erstattar rettsstatens tradisjonelle krav om konkret mistanke, handling og skuld.
Sjølv om forslaget inneheld kontrollmekanismar som domstolskontroll og tilsyn frå EOS-utvalet, erkjenner departementet at:
- domstolane har avgrensa moglegheit til å etterprøve PST sine faktiske vurderingar
- den som blir råka av skjulte tvangsmiddel ikkje har reell kontradiksjon
- kontrollen i stor grad er etterfølgjande
Vi meiner at forslaget, slik det ligg føre, svekkar grunnlovsfesta rettar, særleg:
- retten til privatliv (Grunnlova § 102)
- ytringsfridomen (Grunnlova § 100)
- organisasjons- og forsamlingsfridomen (Grunnlova § 101)
Statens ansvar for nasjonal tryggleik er legitimt og nødvendig. Men tryggleik kan ikkje byggjast på bekostning av rettsstaten sine grunnprinsipp.
Vi krev derfor at:
- forslaget blir avvist i sin heilskap, eller
- at det blir gjort vesentlege innstrammingar og presise rettslege avgrensingar som sikrar høg terskel, klar mistanke og reell rettstryggleik for den enkelte borgar.
På vegner av Resistans
v/ styreleiar Nikolai Vilnes