Noreg sel over 100 millionar snusboksar kvart år. Ein stor del av desse endar som forsøpling i byar, grøfter, strender og naturen. Snusboksar er blant dei mest funne plastartiklane i norske ryddeaksjonar.
Vi har allereie eit av verdas beste pantesystem for drikkevareemballasje – og det fungerer. Med over 92 % returgrad viser pant at økonomiske insentiv gir reell effekt.
Likevel har vi ingen panteordning for snusboksar. Det er unødvendig, uforståeleg og enkelt å løyse.
Vi krev at:
Snusboksar blir inkluderte i pantesystemet
Produsentane får ansvar for gjenvinninga gjennom utvida produsentansvar
Myndigheitene set i gang ei nasjonal ordning med tydeleg pantmerking og tilpassa pantautomatar
Ei slik ordning vil redusere forsøpling, betre gjenvinninga og styrkje miljøarbeidet i heile landet.
Signer om du vil at Noreg skal ta eit enkelt, smart og miljøvenleg steg:
Pant på snusboksar – no!