Støtt distriktsbutikkane – La fjernbetente butikkar få selje øl!


Til: Regjeringa ved Helseministeren

Underskriftskampanje: Støtt distriktsbutikkane – La fjernbetente butikkar få selje øl!
Bakgrunn:
Statsforvaltaren i Vestland har oppheva Sveio kommunestyre sitt vedtak om å gi Auklandshamn Landhandel salsløyve for alkoholhaldig drikk i fjernbetent butikk. Dette er ikkje eit enkeltståande tilfelle – det gjeld over 140 fjernbetente distriktsbutikkar over heile landet, ifølgje Merkur-programmet.
Statsforvaltaren krev no at alle kommunar går gjennom praksisen sin og sikrar at både eksisterande og framtidige salsløyve er i tråd med deira tolking av alkohollova. Det betyr at butikkar som har hatt lovleg alkoholsal i fleire år, kan miste løyvet – med tilbakeverkande kraft.
Kvifor er dette viktig?
Fjernbetente butikkar er ei livline for mange bygder. Dei gjer det mogleg å halde oppe eit stabilt og trygt tilbod – også utan fysisk bemanning. Teknologien er utvikla for å sikre trygg sal av aldersbestemte varer, med kameraovervaking, ID-sjekk og låste alkoholskap.
Butikkar som Nærbutikken - Auklandshamn Landhandel har investert stort i slike system, og opplever at kontrollen er betre enn før. Likevel meiner Helsedirektoratet og Statsforvaltaren at alkohollova krev fysisk tilstadeverande betjening – ei tolking som trugar heile modellen.

Dette handlar om meir enn alkohol:
Det handlar om overlevingsevna til bygdebutikkar.
Det handlar om likebehandling av teknologi og butikkdrift.
Det handlar om framtida til mange lokalsamfunn som er avhengige av nærbutikken.

Kva seier fagfolka?
Advokatfirmaet CMS Kluge har vurdert at fjernbetjente butikkar kan oppfylle alkohollova sine krav. Merkur-programmet har dokumentert at kontrollsystema fungerer, og at det ikkje er påvist uregelmessigheiter. Allikevel vel Statsforvaltaren å sjå bort frå desse argumenta i sitt vedtak.

Vi krev:

At Sveio kommune og andre kommunar står opp for sine vedtak og butikkar.
At regjeringa og departementet gir ei klar og framtidsretta tolking av lovverket.
At fjernbetente butikkar får rettferdig behandling og moglegheit til å drive vidare.

Skriv under og vis at du støttar bygdebutikkane!
Dette er ei sak for heile Distrikts-Norge. Underskriftene vil bli overlevert til Sveio kommune, departementet og relevante styresmakter.

?? Skriv under her og del med naboen!

Firda har omtala saka: https://www.firdaposten.no/vi-kan-ikkje-seie-til-folk-at-vi-har-alt-utanom-ol/s/5-16-943915
https://www.firdaposten.no/statsforvaltaren-fjernbetente-distriktsbutikkar-far-ikkje-selje-ol-kinn-kommune-vi-gjer-ingen-endringar/s/5-16-943414


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

62 underskrifter hittil!

Opprettet av
Ole Velde
2 timer siden
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad