Trygg skuleveg for borna i Bø og Riise – vi krev gangfelt no!
Kvar morgon i Bø og Riise utspelar det seg ei livsfårleg scene. Born står og ventar ved riksvegen medan bilane susar forbi i (minst) 60 km/t – ofte store køyretøy – utan eit einaste gangfelt som kan gje dei trygg kryssing. Ein fårleg sving ligg rett før det mest brukte kryssingspunktet, og både born og vaksne må dagleg ta sjansar for å kome seg over.
Utryggleiken blir forsterka av at det ligg bussutvidingar på den sida av vegen der det heller ikkje finst gangfelt. Når borna stig av bussen der, har dei ingen trygg måte å kome seg over på. Det er verkeleg alvorleg at det ikkje finst gangfelt ved eit så naturleg kryssingspunkt.
Dette er ikkje berre utrygt – det er uansvarleg. At det i heile strekket frå Stryn sentrum (Sentrumsgården) og austover til Fosnes ikkje finst eitt einaste gangfelt, er ei oppskrift på katastrofe.
Foreldre kjenner på uro kvar dag. Ei ulukke kan skje på eit augeblikk. Og det mest smertefulle er viss vi må stå att og vite at det kunne vore unngått med eit enkelt tiltak: eit gangfelt.
Tidlegare søknader er blitt avslått fordi ein meinte bustadstalet var for lågt. Men dette stemmer ikkje lenger. Området har vakse, med fleire nye familiar og born som treng ein trygg skuleveg.
Lokalsamfunnet har allereie reist seg i fellesskap - 66 underskrifter vart samla inn på underskrift.no på den forrige kampanjen og vi håpar med denne nye kampanjen, at fleire kjem til.
Vi krev handling no. Borna våre fortener betre enn å leve med denne daglege risikoen. Vi har ingen å miste.
Vi ber Stryn kommune og Statens vegvesen: Etabler gangfelt i Bø og Riise før det skjer ei ulukke.
4 timer siden
Frå Sentrumsgården til Fosnes snakkar vi ca. 2 mil.5 timer siden
Vi ber om at kommunen og Statens vegvesen tek ansvar, vurderer situasjonen på nytt og snarast mogleg etablerer eit gangfelt langs Riksveg 15 (Rv15) i Bø og Riise. Tiltaket vil utgjere ein vesentleg forskjell for tryggleiken til born, unge og vaksne som dagleg ferdast i området.5 timer siden
Det er ikkje akseptabelt at det i heile strekket frå Stryn sentrum og austover til Fosnes ikkje finst eitt einaste gangfelt. At mjuke trafikantar – særleg skuleborn – må krysse ein sterkt trafikkert riksveg utan tilrettelegging, utgjer ein reell risiko for liv og helse.5 timer siden
Eg er kjent med at tidlegare søknader er blitt avslått, mellom anna med grunngjeving i lågt tal på bustadar. Situasjonen er no endra. Området har hatt ein tydeleg vekst dei siste åra, med fleire nye bustadar og familiar. Dette gjev eit heilt anna trafikkmønster enn tidlegare, og behovet for eit gangfelt er i dag både akutt og uomtvisteleg.5 timer siden
Søknad om etablering av gangfelt langs Riksveg 15 (Rv15) i Bø og Riise, Stryn