Bevar Apotek 1 i Kviteseid – Signer oppropet mot nedlegging!
Kjære innbyggjarar i Kviteseid, Fyresdal, Nissedal og heile Vest-Telemark!
Apotek 1 har varsla at dei ynskjer å legge ned filialen sin i Kviteseid for å styrke apoteka i Seljord og Åmot. Apoteket i Kviteseid er ikkje berre ein butikk – det er ein livsviktig teneste som betener over 5000 innbyggjarar i Kviteseid, Fyresdal og Nissedal.
Kva veit vi?
• Apoteket har stabil bemanning og god omsetning – dei tilsette skjønar ingenting av nedleggingsplanane og ynskjer å drive vidare!
• Det er utbredt kommisjonssalg til kommunar utan eige apotek, som Nissedal og Fyresdal.
• Vest-Telemark har allereie færre apotekalternativ enn Aust- og Midt-Telemark. Ei nedlegging i Kviteseid vil gjere det vanskelegare for folk å få medisinar raskt og trygt.
Kva betyr dette for oss? Utan apoteket i Kviteseid vil mange måtte reise lengre for å hente ut reseptar, spesielt eldre og kronikarar. Dette handlar om helse, tryggleik og livskvalitet for folk.
Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at tilbodet forsvinn!
Vi krev:
• At Apotek 1 revurderer planane og beheld filialen i Kviteseid.
• Støtte frå kommunen og regionale aktørar for å sikre apotektjenester i heile Vest-Telemark.
• Dialog med dei tilsette og lokalsamfunnet for å finne løysningar som styrker, ikkje svekker, regionen.
Signer no – din røyst tel! Ved å signere dette oppropet viser du at du støttar kampen for å behalde apoteket vårt. Del oppropet med vener, familie og naboar – saman kan vi gjere ein skilnad! Målet er 1000 underskrifter før 1. september 2025
6 timer siden
Kommunen har sendt brev til Apotek1 7. august og oppmoda til dialog med ynskje om å kunne reversere avgjera.