Bokbåten er ein viktig del av tilværet for dei som bur langs kysten i utkantane av Sogn og Fjordane. Folk i alle aldre gler seg til bokbåten kjem på besøk to gongar i året. Det er eit av høgdepunkta på hausten og våren. Ikkje berre er bokbåten ein formidlar av litteratur gjennom dyktige bibliotekarar, den er òg eit kulturelt tilbod i form av skodespill, forteljingar, song, musikk, biletkunst og mykje meir.
Etter 51 år er driften no blitt kutta. Endå ein viktig del av kystlivet i Sogn og Fjordane vil forsvinne. Fylkeskommunen sparer 1,3 millionar på å ta dette kulturelle tilbodet frå dei som har dårleg tilgang til bl.a. bibliotek, teater og kino.
Signer denne kampanjen for å vise at bokbåten er eit viktig tilbod som vi må behalde i Sogn og Fjordane.