Nei til nedlegging og sentralisering av dei kreative faga!

Nei til nedlegging og sentralisering av dei kreative faga!


Til: Vestland fylkeskommune og Fylkestinget

Kunst, arkitektur og design (KDA) og Medium og kommunikasjon (MK) ved Førde vidaregåande skule blir av administrasjonen ved Vestland fylkeskommune føreslått lagt ned, og sentralisert til Bergen. Dette forslaget skal til politisk handsaming hausten 2024.

Denne nedlegginga og sentraliseringa kan vi ikkje akseptere!

Fordi:
Vi meiner at det er innlysande at elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til kreative fag. Dei skal ha kjennskap til tradisjonar og få utvikle sin eigen kreativitet. Dei skal få lære å sjå og oppleve verda rundt seg. Vi vil at elevar skal ha eit rikt fagleg tilbod på vidaregåande skule i vår del av Vestland fylke! Difor må vi stå samla. Hugs også at kreativitet er viktig i dei fleste yrker!

Det einaste fagtilbodet i Sogn og Fjordane
På Førde vidaregåande skule har vi to tilbod: Kunst, arkitektur og design og Medium og kommunikasjon plassert i nybygd avdeling med spesialbygde rom for dette. Elevane er saman i ein klasse med 30 elevar når dei har fellesfaga (felles teorifag). I programfaga, som er praktiske fag, deler ein klassen i 15 elevar. Denne delinga er gjort for å kunne gje fagleg, forsvarleg undervisning i spesialromma som m.a. er grafikkrom, tre- og keramikkrom, tekstilverkstad, maskinverkstad, foto- og filmstudio, redigeringsrom og lydstudio.

Ein annleis inngong til studiekompetanse
Ved å velje desse tilboda får elevane opplæring i fellesfag (teorifag) og i estetiske fag (programfag) - noko som saman gjev studiekompetanse. At dette gjev studiekompetanse er mange kommande elevar og foreldre ikkje klar over. Her må skulane og rådgjevarane drive aktiv informasjon!

Kunstnarar
Sogn og Fjordane har kjente målarar og grafikarar som Nikolai Astrup, Ludvig Eikaas, Kjartan Slettemark og Astrid Myklebust. Vi har vore og er ein region med klare og kjente handverkstradisjonar innan tekstil med åkle- og biletvev. Vi har nolevande biletkunstnarar og kunsthandverkarar. Og det treng vi i framtida!
Føresetnad for media, utvikling a mediehus og andre sentrale institusjonar

Vi har sentrale institusjonar som Nynorskhuset og Sogn og Fjordane Kunstmuseum og fleire. Vi har arkitektar, sjukepleiarar, journalister, fotografer, ingeniørar, aktivitørar og folk som arbeider innan kultursektoren som alle har teke utdanninga innan desse fagfelta på vidaregåande skule (på Heimeyrkeskulen i Jølster, Hafstad vidaregåande skule og no Førde vidaregåande skule).
Kultur skapar livskraft for heile fylket

I vår tid treng vi kultur meir enn nokon sinne. Vi treng livskraft i byar og bygder. Og vi vil ikkje sende 15-åringar på hybel heilt til Bergen – og på lasset flytte føresetnadar all kreativ og skapande kultur til fylkeshovudstaden. Sentralisering er ikkje framtida!

Kreativitet er viktig i alle yrke – også i Sogn og Fjordane!

Skriv under og støtt denne kampen mot nedlegging og sentralisering av dei kreative faga!


Dei ansvarlege for denne underskriftskampanjen er:
Sigbjørn Løland Torpe, masterstudent i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.

Astrid Wittersø og Kari Eikås, to tidlegare lærarar ved Kunst, design og arkitektur.


Her ei samling av nyhendesak og fleire debattinnlegg (med lenkjer) relatert til denne saka:

Kreativitet er viktig i alle yrke også i Sogn og Fjordane
(Firda, 26.04.2024).
https://www.firda.no/kreativitet-er-viktig-i-alle-yrke-ogsa-i-sogn-og-fjordane/o/5-15-1720858

Kulturfylket Sogn og Fjordane
(Firda, 19.04.2024).
https://www.firda.no/kulturfylket-sogn-og-fjordane/o/5-15-1719574

Hybelliv og pendling fungerer ikkje for alle
(Firda, 13.04.2024).
https://www.firda.no/hybelliv-og-pendling-fungerer-ikkje-for-alle/o/5-15-1716855?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR2FpIbi3Usgx9cmxu1p3TT9aqIM3HRQekD-5XxU4nC4BTFQO3kZWws-kRU_aem_AcUkrpNjpf8oov1Fotwxe1zTnor6FyKYxItnc8y4Fil11mzsdlX8C1YZkKdsYu9q0rjUyq5vPk5mJtSx--x6gdqk

Er kunst, design og arkitektur eit studietilbod som er viktig for Sogn og Fjordane?
(Firda, 26.04.2024)
https://www.firda.no/er-kunst-design-og-arkitektur-eit-studietilbod-som-er-viktig-for-regionen-sogn-og-fjordane/o/5-15-1722685

Dei kreative faga ved Førde vgs., står i fare for nok ei flytting
(Firda, nyhendesak 12.03.2024).
https://www.firda.no/dei-kreative-faga-star-i-fare-for-nok-ei-flytting/f/5-15-1700476

Kva skal vi tilby våre ungdomar i Vestland?
(Firda, 16.04.2024).
https://www.firda.no/kva-framtidsfag-skal-vi-tilby-vare-ungdomar-i-vestland/o/5-15-1717339




Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

182 underskrifter hittil!

Opprettet av
Sigbjørn Løland Torpe
2 uker siden
Område
Vestland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad