Nei til Flø som turistfyrtårn og auka trafikk langs Fløvegen.


Til: Brukarar av Fløvegen

1500 bilar køyrer Fløvegen dagleg, sa Statens Vegvesen i 2017 då dei avslo bygging av nytt fjøs på Flø fordi det var for trafikkfarleg. Likevel valte kommunestyret 21.2.2019 å gå inn for at Flø skal bli turistfyrtårn. Dette vil gje meir eksponering av Fløbygda og trafikkauke langs Fløvegen. Vegen vert ikkje utbetra, det ligg ingen midlar til Fløvegen i investeringsprogrammet for fylkesvegar i perioden 2019 til 2027.

Vi meiner at trafikkbelastinga alt i dag er for høg i Fløvegen, og ei trafikkauke vil vere direkte farleg. Vegen er skuleveg for 100 born mellom Flø og Reiten, han er smal og uoversiktleg, og manglar gang og sykkelveg i lange strekk. Mange born kan ikkje sykle til skulen eller i nabolaget, og ei rekkje ulykker og nestenulykker har hendt.

Innbyggarane langs Fløvegen har ikkje vore involverte i prosessen med utarbeiding av dette strateginotatet som er ein forstudie til reiselivsplan. Dette bryt med intensjonane i plan og bygningslova.

Vi ber Ulstein kommunestyre om å gjere om på vedtaket om å gjere Flø til turistfyrtårn og greie ut konsekvensane av auka turisme.

Vi ber også Ulstein kommune om å involvere dei bebuarane vedtak går ut over i framtidige prosessar.

Signeres av: Bebuarar langd Fløvegen


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

141 underskrifter hittil!

Opprettet av
Lillian Flø
11.03.2019
Område
Møre og Romsdal

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad