LA PELSDYRNÆRINGA LEVE


Til: Regjeringen

Underteikna vil protestere mot regjeringa sin merkelege framgangsmåte i saka om framtida for norsk pelsdyrnæring. For omlag eit år sidan var det ei grundig høyring på Stortinget der fleire representantar for solid fagkunnskap om næringa fekk lagt fram sitt syn, og etter denne høyringa vart det vedteke at næringa skulle få halde fram.

Det er meiningslaust at dette godt funderte vedtaket no er blitt forhandla bort i regjerings-samtalar med eit parti som openbart hentar det faglege grunnlaget sitt frå organisasjonar som motarbeider alt husdyrhald, og som feilaktig framstiller pelsdyra som lidande og mishandla individ.

Vi slår fast: Pelsdyrhald er ei viktig tilleggsnæring for mange mindre gardsbruk i Norge. Næringa fungerer som renovatør for slakteavfall m.m. Pelsdyrhaldet står for årlege eksportinntekter på 350 millioner kr. Skrottane blir brukte til framstilling av biodiesel og sement, slik at ingen ting går til spille. Pels som blir øydelagt under beredinga blir samla og selt til inntekt for eit fond som driv 60 barnehagar i Namibia. Men som det siste og mest avgjerande argumentet:

Norske pelsdyr trivst og har det godt, og det er ingen grunn til å avvikle næringa for dyra sin del. La næringa leve!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

6584 underskrifter hittil!

Opprettet av
Cecilie Sørli
29.01.2018
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad