Forvaltningsutvalet i Sogndal kommune har komme med ei samrøystes tilråding om at kommunestyret skal vedta «Områdereguleringsplan Fjøra vest». Kommunestyret skal handsama saka torsdag 11.juni.
Dette inneber blant anna at kommunen opnar for ei stor utbygging på Lerumstomta. Ein risikera at verneverdige hus blir eksproprierte og rivne, og at 3 bustadsblokker med ei høgde på opp til 36 meter vert bygde i sjøkanten. Desse blokkene vil ha mykje å sei for den visuelle utsjånaden av Sogndal sentrum, tilgjengelegheita til sjøen for publikum og har innverknad på mange innbyggars sol- og utsiktsforhold.
Planen er ikkje vedteken endå, og me vil difor prøva å komma i forkant med dette innspelet.
Me krev at verneplanen for trehusbusetnadene i Sogndal sentrum vert oppretthalden.
Me krev at utbygginga på Lerumstomten må skje på premissane til allereie eksisterande kulturhistorisk busetnad, utan ekspropriering og riving.
Me krev at utbygginga vert avgrensa arealmessig og at utbyggar blir i lagd restriksjonar i forhold til byggehøgde.