Kvam herad ynskjer å leggje ned Tørvikbygd barnehage og flytta borna til Norheimsund. Dette er ein barnehage som dei siste åra har hatt ein vekst i bornetalet, og på ingen måte er ein dyr barnehage å driva. Over 20 foreldrepar må kjøra ekstra 12 - 15 km kvar dag for å levere og hente borna sine. Får ein dette vedtaket vil foreldre ha barnehageborn i Norheimsund, skuleborn i Tørvikbygd og ungdomsskuleborn i Strandebarm. Det blir mange timar i bil for foreldre/foresatte. Tørvikbygd er ei bygd i vekst. Heille bygda jobbar for å skape eit godt nærmiljø for ungane våre, og for å friste fleire til å busetje seg i bygda. Me ser med vonbrot på at heradet ynskjer å øydelegge alt arbeidet som innbyggjarane har lagt ned dei siste åra.
Kor attraktivt er det for framtidige tilflyttarar å kome heim til Tørvikbygd og Kvam herad då?
Hjelp oss å unngå nedlegging av Tørvikbygd barnehagen og sei NEI til sentralisering. Ungane våre skal ikkje veksa opp i ein bil!!