Ny ungdomsarbeidar på plass no i Høyanger no!


Til: Høyanger kommune

Høyanger kommune har verkeleg rota det til for seg sjølv. Jan Leon Hole, fylkets mest profilerte miljøarbeidar blant ungdom, pakkar no sakene sine og set kursen for Nord-Norge og ny jobb. Trass i politiske vedtak på oppretthalding av den viktige ungdomsarbeidarstillinga, vart "Holen" omplassert til lærar i haust. Det fantes ikkje lengre midlar til det utruleg viktige arbeidet Jan Leon har utretta blant mange årskull med unge frå Høyanger. Dette er i seg sjølv ein skandale som burde få konsekvensar for dei ansvarlege. Men det gjer det naturlegvis ikkje. Kommunen kan skjule seg bak "trong kommuneøkonomi" og "ikkje-lovpålagte-oppgåver", og det gjer dei lett i denne saka. Korkje oppvekstetaten eller den politiske leiinga har ope gått ut og sagt noko som helst fornuftig om kvifor dei med eit pennestrok legg ungdomsarbeidet i kommunen nærast i grus.

Vi som tenåringsforeldre i Høyanger i dag har all grunn til å vere uroa for framtida om ikkje noko vert gjort. På grunn av, og ikkje på trass av Jan Leon Hole sin innsats, er Høyanger kommune i dag ein trygg kommune å vekse opp i. Han har arbeidd utradisjonelt, gått dei unge i møte på dag- og ikkje minst på kveldstid. Han har hatt tid til å vere ein samtalepartner for dei unge, men og for hjelpeapparat, politi og skule. Han gjer ikkje som NAV og kommuneadministrasjonen som gjer seg sjølv utilgjengelege etter kontortid. Kan nokon hugse sist dei såg nokon ansvarlege frå kommunen eller NAV ute blant unge på åpen gate på kveldstid? Eg berre spør...

Det må vere eit bastant og ufråvikeleg krav at ein straks og utan byråkratisk opphald tilset ein ny miljøarbeidar med same innstilling til dialog med ungdomen som Jan Leon. At ikkje oppvekst, NAV, sosialetat, kommuneadministrasjon og politisk leiing i kommunen ikkje har teke tak i denne saka i offentleg ordskifte er heilt utruleg!

Eg vonar at med ein kraftig innsats og mange underskrifter skal vi klare å få kommunen til å få "ræva i gir" og få ordna opp i denne saka NO!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

138 underskrifter hittil!

Opprettet av
Geir Bjarte Hjetland
05.10.2008
Område
Sogn og Fjordane

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad