Svar til prost Gustav Danielsen


Til: Kyrkja i Nord-Innherad prosti

Prosten i Nord-Innherad prosti (det er kyrkja i Steinkjer, Inderøy, Verran, Snåsa og Namdalseid kommunar) har skrive eit innlegg i 13. mai 2014 i Trønder-Avisa med overskrifta "Ekteskapet" som du kan lese her:https://dl.dropboxusercontent.com/u/38154244/Danielsen_ekteskapet_20140513.pdf

Vi er nokre som byrja å diskutere dette, og vi laga eit tilsvar til avisa. Vi spurte på Facebook om det var nokon som ville være med å skrive under på det i avisa. Etter midnatt sette vi strek, då hadde vi 85 underskrifter. Men det heldt fram med å kome helsingar frå folk som ville støtte. Her på denne sida kan du vere med utan å vere på Facebook. Vi har ikkje teke med dei 85 namna her – for vi spurde berre om underskrivarane ville vere med i avisa, ikkje hit på denne underskriftlista på nett. Men dei er sjølvsagt velkomne til å skrive seg på ein gong til.

Det er fint om du vil lese, og vurdere om du kan tenke deg å være med på å skrive under. Vi har prøvd å lage svaret kort, slik at det blir mindre for potensielle underskrivarar å lure på  Sjå f.eks om vi har fått fram dette: 1) kyrkja skal anerkjenne alle ekteskap 2) ekteskapet er ikkje heilt så smalt som prosten skriv.
PS: "Vi" er Siv Furunes, Hanne Moesgaard Skjesol og Sveinung Moesgaard Skjesol. Til å byrje med.

Vårt svar til prost Gustav Danielsen:

Vi viser til prost Gustav Danielsen sitt innlegg i T-A 13. mai. Prosten argumenterer frå fleire vinklar for å bevare dei ordningane vi har i dag, og for å ta tenkepause i debatten om vi alle skal få inngå ekteskapa våre i kyrkja, eller om kyrkja skal reservere seg mot ekteskapslova.
Vi har tenkt oss om lenge nok. Vi veit kva vi kjenner er rett. Vi har levd lenge nok med at kyrkja, som skulle vere vern for den utsette, oppreising for den nedtrødde, og kall til omsorg for nesten, sviktar verdiane våre. Kyrkja har – med svært knapt fleirtal i Kyrkjemøtet – sagt nei til å forvalte vigselsretten for alle norske ekteskap. Vi er mange i kyrkja som kjenner at dette er uverdig, trist og provoserande. Vi ser at vi blir sorterte, etter eit kriterium som vi ikkje anerkjenner. Vi er teologar og lekfolk, og vi insisterer på at vår livserfaring må brukast når folkekyrkja sitt grunnlag skal fortolkast. Kyrkja, det er vi.
Ekteskapet sin funksjon i samfunnet vårt er å vere ein offentleg avtale, verna av samfunnet, mellom to vaksne som ønskjer å leve i lag. Ektefellene tek ansvar for kvarandre og for samlivet. Ofte har dei foreldreansvar i lag, men ofte må dei dele foreldreansvar med andre enn ektefellen. Ganske ofte har ektefolk ikkje felles born, men samfunnet er likevel opptekne av å vere med på å trygge den ramma som ekteskapet er. Kva ektefolk vil eller kan fylle denne ramma med, er ulikt, og vi kan ikkje verdsette ekteskap i høve til kvarandre – i alle fall ikkje etter forplantingsevne, -ønske, eller ved å rekne talet på ektefødde barn.
Prosten argumenterer mellom anna med frykta si for at likekjønna ekteskap fører til ei utgliding i barnepolitikken, og at det no oppstår ei forventing om at homofile par «må få barn». Røynda er at homofile óg har og får barn, og at utviklinga omkring surrogati ikkje blir påverka av kyrkja sin reservasjon mot likekjønna ekteskap. Dette er ein annan, og uavhengig debatt. Det er óg slik at det er mange heterofile ektepar som ikkje har biologiske barn i lag. Vi prøver å ordne samfunnet vårt for å ta best mogleg vare på alle desse borna og familiane, uavhengig av om dei liknar på kvarandre. Vi kan ikkje sjå korleis det skal hjelpe borna til par av same kjønn, om dei får vite at kyrkja reserverer seg mot å vigsle foreldra. Prosten skriv at han ikkje tviler på omsorgsevna til likekjønna par. Det er vi einige i, og det er det same som forskarane finn.
Det er ikkje slik at vi ønskjer ei kyrkje utan konturar eller moralske imperativ. Vi meiner ikkje at alt skal vere rett. Ei tru som set fri, og ein fellesskap for det gode, gjev óg impulsar til å gjere det som er rett. For oss er det mellom anna dette: Lat oss avslutte den lange historia med urett mot homofile og lesbiske. Det er ikkje «å strekke oss langt». Det er å ta ansvar for at dette må stoppe. Derfor vil vi ordne opp i dette i kyrkja vår. Vår oppgåve, kjenner vi, er å kjenne vår plass i kyrkja, i debatten, og ved stemmeurnene til neste kyrkjeval.

Nord-Innherad prosti, 13. mai

Signeres av: Alle som vil, kan skrive under


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

105 underskrifter hittil!

Opprettet av
Sveinung Moesgaard Skjesol

På vegne av
Siv, Hanne, Sveinung og 82 andre
14.05.2014
Kategori
Religion
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad