Vern Bremstølen og Hellandselva!

Vern Bremstølen og Hellandselva!


Til: Alle

Bremstølen er eit av dei mest besøkte turmåla i Kvinnherad. I Kvinnherad kommune si kartlegging av friluftsområder er området langs Hellandselva og Bremstølen vurdert til "Svært viktig friluftsområde" med "Stor brukarsekvens". Med gangavstand frå Husnes sentrum, vakre og gode turstiar, flott utsikt, eit idyllisk vatn og ei brusande elv, er det ikkje rart at dette er eit turområde mange set pris på.

SKL har søkt om å bygge ut Hellandselva, med ein inntaksdam på 16 x 2 meter like nedstrøms vatnet på Bremstølen. Dette vil gjere området rundt Bremstølen og Hellandselva til eit mellombels anleggsområde, og den brusande elva vil bli omgjort til ein liten bekk. Dette vil også påverke landskapsbiletet sett frå Husnes. Desse negative konsekvensane blir også påpeika i søknaden til SKL: "Fraføring av vann i Hellandselva vil være visuelt negativt for rekreasjonsopplevelsen langs elveløpet" og ei minstevassføring vil "kun i avgrenset grad avbøte landskapseffekten".

Kvinnherad turlag meiner at den høge verdien Bremstølen har som nært og kjært tur- og rekreasjonsmål må vegast opp mot den svært beskjedne økonomiske gevinsten utbygginga vil gi SKL og grunneigarar, og at andre verdiar enn kraftutbygging må telje med. Turistar reiser frå heile verda for å sjå dei mektige elvane og fossane våre, og her har me noko så unikt i vår eigen bakgard. For unikt er akkurat det det er, i ein kommune som Kvinnherad der over 90 % av vassdraga er berørt av vasskraftutbygging. Det er snart for seint å ta desse siste "urørte" elvene for gitt!

Skriv under og del denne kampanjen om du meiner at Hellandselva og Bremstølen må vernast frå kraftutbygging.


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Bedrifter som støtter denne kampanjen

Norges Miljøvernforbund

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

745 underskrifter hittil!

Opprettet av
Mari Teigen Varanes
22.10.2017
Kategori
Miljø
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad