Stord Kommune v/rådmannen ynskjer å flytte borna på Horneland, Hornelandsvågen og Hatland til Tjødnalio skule, for å avlaste Langeland skule.
Me meiner dette er feil løysing, det rette er å byggje ny 1-4 skule i området Kåreviksmarka-Hatland, som kommunen har førespegla i mange år.
Det vil gi ungane våre nærskulen dei har krav på og unngå at dei må ta buss til ein skule langt vekke frå nærområdet sitt.
Signer denne kampanjen om du er enig at krinsgrensene må bestå som i dag og at det må byggjast ny skule.