Born og ungdom i Nord-Gudbrandsdalen må reise til Lillehammer, Hamar og Gjøvik for å få regulering. Dette betyr fråver frå skulen ein heil dag kvar 4.-6.veke i 1-3 år, altså mange timar tapt undervisningstid! Ein heil dags fråver for 5-10 minutt inne hos tannlegen! Dette betyr og at foreldre må ta seg fri frå jobb, med tapt arbeidstid og tapt arbeidsinntekt som følge! Frå eit miljøperspektiv betyr det unødvendig høg bruk av bil. Vi krev eit tilbod i Nord-Gudbrandsdalen, og meiner dette bør plasserast i regionsenteret Otta!