Beta
Lik oss på Facebook

Ja til barnehage & SFO


Til: Auklandshamn Bygdelag

Til alle innbyggjarar i Auklandshamn skulekrins
Den 24. november i fjor hadde Vestavind ein reportasje frå eit møte i Auklandshamn der småbarnsforeldre var samla for å visa si interesse for barnehage og skulefritidsordning (SFO) på Filadelfia. Er interessa like stor framleis? Hugs at det vil gå omlag halvtanna år frå godkjenning til ein ny barnehage kan vera klar til opning.

Før jul trudde me at me skulle få svar 12. desember. Men kommunestyret utsette avgjerda. Nå er det klart at kommunestyret i Sveio vil ta endeleg stilling til søknadene frå Filadelfia måndag 6. mars. Rådmannen har gått inn for å seia nei til barnehage, men ja til SFO. Fleirtalet i hovudutval for oppvekst og kultur har valt å følgja rådmannen si tilråding. Men det er kommunestyret som har siste ordet. Og kommunestyremedlemmer kan påverkast! Du kan vera med og seia di meining. Saman med Auklandshamn skule vil barnehage og SFO på Filadelfia bli eit fullverdig oppvekstsenter. Auklandshamn er ei levande bygd i vekst. Småbarnsfamiliar flyttar hit. Bygda treng eit oppvekstsenter for å følgja opp denne utviklinga. Behovet er nå, og det er ikkje nok å visa til at det i nokre få år framover vil vera overskot av barnehageplassar i kommunen sett under eitt. Det er også eit poeng at det kan bli vanskeleg å få til økonomisk forsvarleg drift av privat SFO åleine, utan tilknyting til barnehagen.

Dersom du støttar det me her har skrive, kan du visa engasjementet ditt ved å skrive under her eller skriva namnet ditt i ei bok som blir lagt ut på Nærbutikken i Auklandshamn.

Signeres av: Alle som er for oppvekstsenter i Auklandshamn


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Kommentarer

Del Ja til barnehage & SFO på Facebook

Del denne kampanjen på Facebook

Del på Facebook

Del på Facebook




Område
Hele landet

Annonse

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer
Leveres av Comito AS © 2005-2017
Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | feelings.no - Helse- og livsstilsmagasin