Gjer Fjell levande igjen – Nei til pendlarparkering på skuleplassen


Til: Fjell Kommune

Fjell kommune ønskjer å anleggja pendlarparkering på skuleplassen til gamle Fjell skule. Dette forslaget ønskjer vi i Fjell grendalag å imøtegå. Argumenta knytt til miljøet i saka syns kun å dreie seg om køen innover til byen. Miljøet i Fjell sentrum ifht forureining og trafikksikkerheitstiltak vil forverrast med fleire bilar som skal ut og inn på FV 555. Det skal ikkje vera slik at Fjell sentrum skal ta støyten for dårleg planlegging frå kommunen si side. Viser og til den offentlege parkeringa ved Fjell Festning kor forsøpling allereie er eit stort problem, vi fryktar at dette vil skje også på skuleplassen. Det ligg og ein del private parkeringsplassar på området som vil bidra til at Fjell sentrum ender opp som ein einaste stor parkeringsplass. Det ligg allereie ein offentleg parkeringsplass nede på myra som nesten ikkje er i bruk, vi ønskjer heller å foreslå denne som pendlarparkering om det absolutt må plasserast i fjell sentrum. Skuleplassen er og har alltid vore eit naturleg samlingspunkt for Fjell-folket, og blir i dag mykje brukt av barn og unge. La samlingsplassen vår, som i høy grad bidrar til godt oppvekstmiljø og samhold i bygda, få bli.
Signer og ver med på å gjera Fjell levande igjen. Vi er meir enn en plass folk køyrer forbi

Signeres av: Innbyggere i Fjell kommune


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

71 underskrifter hittil!

Opprettet av
marie linn havsgård
07.06.2017
Område
Hordaland

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad