Eksamen er ein arkaisk, utdatert og upraktisk vurderingsform. Dette er det aukande einighet om blandt både lærarar, foreldre og elevar. Dermed er denne kampanjen oppretta for å forsøka å gå over til mappevurdering. Denne vurderingsforma går ut på at ein vert vurdert etter mange nøkkelarbeid gjennom heile året, ikkje kunnskapsnivået på eit smalt felt til ei spesiell tid, slik som eksamen. Dette gjev eit meir heilskapleg inntrykk av eleven og dennes akademiske utvikling.