Fylkeskommunen i Song og Fjordane vil avslutte Hordalandsavtalen (avtalen som gjer at elevar frå Gulen og Solund kan gå på skule på Austrheim), noko som gjer at alle ungdommar i Gulen og Solund må flytte på hybel for å gå på vidaregåande skule.
For små samfunn som bygdene i Gulen og Solund så er det ikkje så vanskeleg å tenke seg til kva som skjer dersom alle ungdommar i 15-16års alderen må flytte frå bygdene. Det håper me at denne underskriftskampanjen kan vere med å gjere noko med!
Så dersom du likte å kunne bu heime mens du gjekk på vidaregåande, eller ser kor stort tap det er for bygdene at elevar er nødt til å flytte vekk eller du rett og slett er så glad for at folk frå Gulen og Solund fekk gå på Austrheim sånn at du fekk sjansen til å bli kjent med oss, så skriv under på kampanjen vår!
Kvar ei underskrift er med å hjelpe!