Stadt Skipstunnellen!


Til: Fiskeri- og kystdepartementet

VI treng Stadt Skipstunnell!
Eg har sjølv vore rundt Stadt. Det var riktig nok i fint vêr og det gjekk fint, men det var store nok bølgjer sjølv då. Det har vore så mange forlis på Stadthavet at dei har skrive ei heil bok om det. Og det er ikkje mange åra sidan det var ei nesten ulykke med Hurtigruta. Stadthavet har teke så utrulig mange liv, og sett så mange av lokalbefolkninga sine liv i fare når dei har vore ut på for å prøve å redde så mange som mogeleg.

Ei anna side av saka er også utslepp. Eit containarskip vil kunne erstatte 150 trailarar og redusere utsleppa med 90%. Dette burde telje mykje, no når vi er midt oppe i diskusjonar om korleis vi kan redusere våre utslepp av CO2 og andre gassar.

Turismen vil også nyte godt ut av denne tunnellen. Hurtigbåtane vil kunne gå frå Måløy til Ålesund, og dermed knytte i hop alle dei fire Vestlands-fylka. Skipstunnellen vil også vere ein attraksjon i seg sjølv. Massene vi vil få ut av denne tunnellen kan t.d. brukast til å byggje “Vestlandshallen”, som vil vere ein hall liggande på sjøen.

Sjå denne filmen om dykk vil ha meir informasjon eller sjå korleis dette vil gjerast i praksis: http://www.youtube.com/watch?v=CZoOdNYUYro

SKRIV UNDER, VI TRENG SKIPSTUNNELLEN VÅR!


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

1209 underskrifter hittil!

Opprettet av
Amanda Marie Dalsbotten Solvåg
06.02.2011
Område
Sogn og Fjordane

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad