UNDERSKRIFTSKAMPANJE - NY FERJE OG NYE FERJERUTER FRÅ 01.01.2020 MELLOM FOLKESTAD OG VOLDA


Til: Alle som ynskjer å hjelpe oss med å beholde fergetilbodet

I media kjem det fram at ferjetilbodet på sambandet Folkestad/Volda står i fare for å verte vesentleg dårlegare dersom det nyleg utlyste anbodet på sambandet vert ståande. Anbodet seier at sambandet skal ha 1 elektrisk ferje som tek 80 bilar mot dagens ferje som tek 86 bilar, vidare blir det færre avgongar per dag - 26 mot dagens 32 - og til slutt at det vert avgongar med 40 minutt mellom på dagtid mot dagens 30 minutt mellom.

Folkestad grendautval støttar elektrisk ferje, men vi kan ikkje godta at ferjetilbodet blir dårlegare enn det er i dag!

At vi har god ferjekorrespondanse er særs viktig både for folk og bedrifter i dette området! Vi er avhengige av ferja for å kome oss på jobb, skule, sjukehus, lege, fritidsaktivitetar mv. - alt dette vil verte påverka av dei nye ferjerutene. Vi vert rysta når vi les i Møre at det nye ferjetilbodet er fullt ut forsvarleg fordi vi har så gode omkjøringsmoglegheiter! Kva om det oppstår ein akuttsituasjon og ferja ligg til lading i Volda? Då skal vi kjøre lange omvegar, på dårlege, smale og rasutsette vegar i situasjonar der det kan stå om liv og helse - ein lite hyggeleg tanke!

Folkestad grendautval protesterer kraftig mot det nye ferjeanbodet og skiper derfor til ei underskriftskampanje for å vise at vi ikkje finn oss i dette! Vi har bede dei andre grendautvala om å gjere det same.

Vi krev:

- to elektriske ferjer i sambandet - einaste moglegheit for å få til avgongar med 30 minutt mellom

- 30 minutt mellom avgongane på dagtid og ikkje dårlegare frekvenstilbod på kveld/natt/tidleg morgon

- at beredskapen ikkje vert svekka

- at ferjefrekvens, antal fjordkryssingar og størrelse på ferje blir som i dag

Vi ber om at du skriv under dette skrivet og slik viser at du støttar oss i våre krav!

(Du bør vere 16 år eller eldre for å skrive under).



Tusen takk!



Med venleg helsing



Styret i Folkestad grendautval


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

Ingen oppdateringer publisert ennå

Få varsel når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

383 underskrifter hittil!

Opprettet av
Hege Helland
17.03.2018
Kategori
Andre
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad