Behald legekontoret i Ålvik


Til: Heradsstyret i Kvam Herad

Ålvik har i dag ope legekontor 3 dagar i veka. Når noverande lege vert pensjonist vil Kvam Herad legge ned legekontoret i Ålvik.

Nedlegging av legekontoret vil i følge Kvam Herad spara heradet for pengar, men vil det eigentleg verta ei innsparing for samfunnet totalt?
Det vil verta auka utgifter til transport og tidsbruk for å koma seg til lege meir sentralt i heradet.
Borna må ha fri frå skule og folk i arbeid må ta fri fleire timar for å fylga borna sine til lege. Dersom dei arbeider i Øystese eller Norheimsund går det fort ein halv arbeidsdag.

Eldre folk og dei utan eigen bil må bruka drosje sidan kollektivtilbodet ikkje er det beste.
Det er òg sagt at pensjonistane i Ålvik bur heima lenger pga god oppfylging av lokal lege.

Noko som òg er viktig er å oppretthalda dei grunnleggande tenestane for born, eldre og andre som gjer det attraktivt å bu i alle bygdene i heradet vårt.
Me ynskjer tilflyttarar og må ha noko å tilby dei sånn at dei velgjer oss. Dette gjeld alle bygdene i Kvam, ikkje berre Ålvik.

I november skal saka igjen opp i heradsstyret. Hjelp oss å visa politikarane i Kvam Herad at me vil kjempa for legekontoret vårt.


Støtter du denne kampanjen?


Ja, jeg vil skrive under

Oppdateringer

05.12.2017

Kampanjen er no skriven ut og vert levert til heradsstyret i Kvam.
Få varsel på e-post når eieren skriver oppdateringer

Kommentarer

415 underskrifter hittil!

Opprettet av
Inger Marie Lilletveit
14.10.2017
Område
Hele landet

Underskrift.no er ikke tilknyttet kampanjen, kampanjens eier står ansvarlig for innholdet.
Klikk her dersom du finner kampanjen upassende eller støtende

Lik Underskrift.no på Facebook



Nyeste underskriftskampanjer



Siste oppdateringer


Underskrift.no - Norges største på underskriftskampanjer siden 2006
Vilkår og personvern

Sjekk også:
pCast - Podcast oversikt | Mediamakeriet - Webdesign i Fredrikstad